YNSKJER VELKOMEN: Leiar i Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag, Jenny Myklebust.

Heimeside og Facebook

Laurdag 21.januar var 31 bygdekvinner frå 15 lokallag i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn samla til organisasjonskurs på Skei Hotell. På programmet sto nettsida til Bygdekvinnelaget, og Facebook.

 

Temaet var Heimeside og Facebook, og førelesar var Bygdekvinnelaget i Sogn og Fjordane sin dyktige superbrukar på nett, Marita Skeie. Alle deltakarane stillte med eiga datamaskin, og hotellet sytte for god tilgang på straum og nett. Marita losa oss gjennom tre gode læringsøkter der alle fekk legge inn bilete og tekst på heimesida, og der alle fekk innføring i lukka og opa gruppe på Facebook.

Leiar i Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag, Jenny Myklebust, sa innleiingsvis litt om korleis bygdekvinnelaga gjennom tidene har følgt utviklinga i samfunnet, og til ei kvar tid har brukt arbeidsmetodar og –måtar som har vore tidsaktuelle . No lever vi i dei sosiale media si tid, og kanskje skal vi vere opne for både heimeside og Facebook som arena der Bygdekvinnelaget kan vere synlege med aktivitetar og engasjement, og som aktive tradisjonsformidlarar og samfunnsaktørar.

Dagen vart nyttig og lærerik gjennom arbeidsøkter og erfaringsutveksling, og dagen blei sosial og kjekk i lag med kvarandre. Ein møteplass for aktive kvinner i Sogn og Fjordane!

Takk til hotellet for god mat, og for godt møterom der alt det tekniske fungerte godt heile dagen!

 

Tekst: Jenny Myklebust

Bli medlem