Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Utlevering av 1.klasse Huer og Nød-sokkar til småskulane

Då kan strikkepinnane kvila litt, for ein formidabel innsats av flittige bugdekvinner!

Tysdag 22.oktober og fredag 25.oktober, reiste representantar frå Fitjar Bygdekvinnelag til småskulane i kommunen. Her traff me spente elevar som lura på kva me var der for? Iveren vart stor då me drog fram både huer og pakke med nødsokkar.

I år har bygdekvinnene vore ivrige med strikkepinnane då me drog igang "1.klasse Huer"-prosjekt samt "Nød-sokkar"-prosjekt. Me har strikka 26 huer til 1.klasse elevane som starta i haust, snakk om flittige nevar! Inspirasjonen kom frå fjorårets årsmelding frå lokallaga presentert på årsmøtet til Hordaland Bygdekvinnelag i mars, der eit lokallag har dette som fast tradisjon. Tusen takk for ideen!

Både elevar og lærarar ytra takksemd.

Kjekt å kunna gje ei varmande gåve.