Harry og dei døve i Gåsdalen
Møte på Spinneriet 2. okt. 2024
Harry og oppveksten i Gåsdalen saman med dei døve.
Rundt 90 personar kom for å høyra på Harry Breiland då han fortalde om levevilkåra i Gåsdalen for 70 år sidan og fram til 20-talet. Han gav oss svært godt innsyn i korleis både han, besteforeldra og dei døve slektningane opplevde livet der og på døveskulane. Det verka til å vera ein ressurssterk familie som klarte seg godt. Hardt arbeid, men det treivst dei med. Dei var sosiale og svært aktive ute i naturen, ei glede alle hadde.