Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Lydhøyrt publikum i Elvatun 8.mars 2022. Foto M.Hauso

Lydhøyrt publikum i Elvatun 8.mars 2022. Foto M.Hauso

Guro Katharina Helwig Vikør. Foto privat

Brennande engasjement for kvinnesak


Guro Vikør formidla på ein framifrå måte om sitt store engasjement for kvinnesak på Elvatun 8.mars 2022. Gjennom fire tiår med arbeid i Utenrikstenesta har Guro arbeid for kvinner på ulike måtar.

Guro har  ein spanande CV med utdanning innan statsvitskap, antropologi og sosiologi frå New Mexico og Oslo. Ho har jobba for Utenriksdepartementet frå 1981 til ho gjekk av med pensjon i 2019. 

Ho har hatt stillingar som visekonsul i Houston i Texas, førstesekretær på Norge sin ambassade i Washington D.C, førstekonsulent og byråsjef i fleire stillingar i  Utenriksdepartementet, generalkonsul i Miami, Florida. Ho har vore ambassadør i både Solvenia og Bulgaria.

I perioden 2003-2008 var ho ambassadør for kvinners rettigheter og likestilling, Seksjon for humantiære spørsmål, FN-avdelingen, Utenriksdepartementet.

 

Guro som er fødd i Ulvik, har gjennom åra i Utenriksdepartement sett Ulvik "på kartet" mange gonger. Ikkje minst har ho vore vore ein god "ambassadør" for Ulvikbunaden som ho har brukt flittig i jobben.

 

Gjennom sin gode formidlingsevne heldt Guro på tilhøyrarane si fulle merksemd i over ein time. Me fekk innblikk i eit spanande arbeidsliv, med fokus på mange viktige saker i inn og utland.

 

Dei nær 50 frammøtte fekk lokal musserande eplemost i glaset som velkomstdrykk. Etter Guro sitt føredrag vart det pizza levert frå den lokale kafen. Det var god steming rundt borda.

 

Ei flott feiring av den internasjonale kvinnedagen!