festkomiteen- framme til venstre;Elin Helgaset, Brita Knapstad,Marit Helgaset. bak frå venstre;Solvor T.Bakketun, Randi F. Opheim, Berit Klyve og Berit R. Græe
festkomiteen foto: Liv Spilde
Randi F.Opheim ønska alle velkomen til fest  foto: Liv Spilde
Randi F.Opheim ynskte alle velkomen til fest foto: Liv Spilde
Randi F.Opheim og gitaren losa oss vl gjennom songane
Randi F.Opheim og gitaren losa oss vel gjennom songane
Marit Helgaset fortel lagsoga
Marit Helgaset fortel lagsoga
gjestar frå Hordaland bygdekvinnelag: Bjørg Strømme og Brita Dagestad Bjørke
gjestar frå Hordaland Bygdekvinnelag: Bjørg Strømme og Brita Dagestad Bjørke
gjestar frå Voss Bygdekvinnelag: Sigrid Haug og Ingeleiv Haugo
gjestar frå Voss Bygdekvinnelag: Sigrid Haug og Ingeleiv Haugo
mykje god mat og drikke stod på menyen
mykje god mat og drikke stod på menyen
Brita Knapstad synar bilete og fortel om ulike turar og aktivitetar
Brita Knapstad synar bilete og fortel om turar og aktivitatar
driftige damer frå svunnen tid, som har lagt grunnlaget for Bygdekvinnelaget me har i dag
|driftige damer frå svunnen tid, som har lagt grunnlaget for Bygdekvinnelaget me har i dag
kven skal pakken gå til denne gongen...
kven skal pakken gå til denne gongen....
pakka enda til slutt hjå Liv Spilde, som vart ny for kvelden...
pakka enda til slutt hjå Liv Spilde, som vart ny for kvelden...
nydeleg heimelaga bordpynt til ein nydeleg kveld
nydeleg heimelaga bordpynt til ein nydeleg kveld

80-års jubileum for Bjørgum Bygdekvinnelag

Bjørgum Bygdekvinnelag feira 80 spreke og aktive lagsår fredag 6.april i Solheim Ungdomshus

No har me vore aktive i heile 80 år. Fleire er blitt eldre og har fått gråe hår. Men "innvends" er me spreke og ikkje særleg tung. Berre sjå på medlemar, så kjenner du deg ung, Tekst frå 2.vers i 80-års visa,

Og dette kan me kjenne oss att i. Jubileumskomiteen laga til ein flott fest for medlemane. Stor stemning var det frå første stund, då Randi F. Opheim svingde gitaren, ynskte velkomen og losa festlyden vel gjennom eigenkomponert 80-års vise. Og ein fryd var det å kome til duk og vakkert pynta festbord saman med festpynta bygdedamer. Marit Helgaset fortalde lagsoga, om den gongen laget vart skipa for 80 år sidan med hjelp av Anna Bjørgum. Marit fortalde vidare om eit lag med mykje aktivitet gjennom 80 år. Der ulike kurs og aktivitetane har spegla samfunnet ein levde i til ein kvar tid. Til dømes vart det arrangert skomakerkurs og sykurs i 1946. Dette grunna mangel på klede og sko etter 5 harde krigsår. I seinar år har Bjørgum Bygdekvinnelag organisert kurs i baking av tradisjonsbakst som Vossakling, krotakake og flatbrød med meir. Fokuset er mykje på vidareformidling av kunnskap og tradisjonar, og den gong som no å skape møteplassar for bygdekvinner. Randi F. Opheim fortalde på rim om kvart enkelt medlem. Ein flott måte å inkludere alle medlemane, og syna mangfaldet i laget vårt på. Laget vårt fekk helsingar til jubileet. Liv Spilde las opp jubileumstelegram til glade damer på Bjørgum frå leiar i Norges Bygdekvinnelag, Ellen Krageberg. Me fekk og helsing og gåve frå Hordaland Bygdekvinnelag ved Bjørg Strømme og frå Voss Bygdekvinnelag ved Ingeleiv Haugo,  På koldtbordet bugna det av allslags godsaker, så her var det berre å velgje og håpa at augene vart mett før magen. Etter god mat og drikke og drøs rundt bordet var det tid for å høyre meir om laget. Brita Knapstad syna bilete og fortalde om ulike aktivitetar og turar opp gjennom åra med god hjelp frå engasjerte medlemar. Leik og morro vart det då Berit Klyve sende ein pakke rundt blant gjestane med forklaring på rim om kven som skulle ha den, Presangen vandra frå arm til arm og landa til slutt hjå Liv Spilde, som enda opp som langhåra hippiblondine med partyhatt. Etter å ha trimma lattermusklane vel og lenge smakte det med kaffi og kake. Og kakebordet var eit flott syn med mange heimelaga og velsmakande kaker. Så det var nok ingen som gjekk svoltne heim denne kvelden.

Tusen takk til jubileumskomiteen for ein uforgløymeleg fest. Denne kjem me til å leve lenge på ! No ser me fram til neste jubileum og vonar komiteen tar attval...

 

 

Jubileum

Bjørgum Bygdekvinnelag vart skipa for 80 år sidan, 17. februar 1938. Brita Opheim vart valt til leiar og 19 bygdekvinner melde seg inn den kvelden. I løpet av det første året auka medlemstalet til 29. I dag har me 45 medlemar. Norges Bygdekvinnelaget skifta namn i 2001, frå Bondekvinnelag til Bygdekvinnelag. Noko som har vore avgjerande for rekruttering til laga.

Bli medlem