Kvinnestreif og jubileumsmarkering Sjå invitasjon her!

Tidspunkt: 
Lørdag, 15. september 2018 - 10:30
Sted: 
Astruptunet og Fjordamattunet

15.

sep

Kvinnestreif 

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag (1948 - 2018)

Kvinnestreif  Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag (1948 - 2018)

Sogn og Fjordane bygdekvinnelag inviterer til Kvinnestreif laurdag 15. september, og vi ønskjer alle medlemar velkomne til å vere med på tur!

Sunnfjordregionen står i år for tur til å få innrykk av ein flokk bygdekvinner, og turen er todelt og går til Astruptunet og til Fjordamattunet.

Vi møtest på Astruptunet kl 10.30 til omvisning.  Omvisninga kostar kr 75,- pr. pers.  Det er og høve til ¨å kjøpe kaffi og vafler/sveler.

Hovudaktiviteten vert på Fjordamattunet hos Kari Støfringsdal, der vi skal vere kl 12.30 til lunsj og foredrag, kaffi og svelekake.  Sjå eige ark.

Fylkeslaget betaler for foredraget, deltakarane/lokallaga betaler for lunsj.

Påmelding innan 8. sept. til:  Jenny Myklebust, tlf. 91 71 22 83 Jenny-myklebust@hotmail.com

Vi trur dette vert ein kjekk og sosial dag, og kjekkare di fleire som vert med.  Vi får høve til å gjere noko kjekt ilag, og å verte kjende med andre bygdekvinner. 

Vi kan også kalle det ein liten jubileumstur og feire oss sjølve sidan fylkeslaget er 70 år i år!  Så meld dykk på!

Med helsing

Sogn og Fjordane bygdekvinnelag   v/Jenny Myklebust   -leiar-

Opplegg i Fjordamattunet 15. september 2018

Opplegg i Fjordamattunet 15. september 2018

Etter litt orientering om plassen og presentasjon av maten går de til bords og får servert

Lunsj:
Kyllingsuppe med steinomnsbakt brød og smør

Drikke:
Heimelaga rabarbrasaft

Når de er forsynte med suppe vil eg ha eit foredrag om hellebaksttradisjonar i Sogn og Fjordane medan eg steiker svelekake frå Jølster. Så vil de få desse servert med kling (frå Jølster) og pudding (frå Nordfjord), kaffi og te.

Prisen for dette blir:

Fastpris for foredrag, uavhengig av kor mange de blir er kr. 2000,-

Lunsj, suppe med brød og heimelaga saft, svelekake med kling og pudding, kaffi og te inklusiv mva. kr. 250,-.

De er hjarteleg velkommen til ein ettermiddag i Fjordamattunet.


 

Hjarteleg helsing

Kari Støfringsdal
www.fjordamattunet.no, mobil 951 46 53

Bli medlem