Juleverkstad i Peraløo

Tidspunkt: 
Mandag, 25. november 2019 - 19:00
Sted: 
Peraløo

25.

nov

Me har tenkt å prøva oss på ein juleverkstad der me kan lage julekrans  eller juedekorasjon, de velger sjølv  Ta med det  de ynskjer å lage noko av. Greiner av ymse slag som du finn ute i naturen.

Solveig Thomassen tek med edelgran litt kongler. Jorunn Kloster tar og  med kongler. Solveig tar med måse, me kan kanskje lage måseballer, men då må de ta med aviser som me skal fukte i vatten og lage til ein ball, slik att me kan ta måse utenpå. Spennande.... Ingrid Træet tar med kristorn slik att me får det raude med. Solveig og eg ( Elin) tar med lerke greiner og litt brakje, dette deler me på så langt det rekk. Ellers er det lurt å ta med tang og streng ( kan kjøpes på Kaffistova) Bånd til å lage sløyfe med, enten julefarger eller lilla til advent.. Kanskje ei skål eller lignende om de vil lage dekorasjon?. Kanskje gull, sølv eller snø spray ?

Det vert enkel servering denne kvelden, pepperkaker og gløgg. Skal verta kjekt dette.

Bli medlem