Loms kyrkja ein Desember kveld

14.Desember og vi tek turen til Æresmedlem Oddbjørg Blakar (del1) !

Ein førjuls tur til Lom,for å prate litt om jul i "gamle dagar",vart til eit mange timers besøk med tema frå jul, via vassveiger og Bygdekvinnelaget til slekt og håndarbeid.

Her kjem del 1. Del 2 kjem julekvelden!

For mange veker sidan bestemte eg meg for at Oddbjørg skulle med i årets kalender.Ho er "prototypa" på Bygdekvinne for meg. Da eg var i ungdomsåra og tanta mi (som Oddbjørg er tante til) prata om Bondekvinnelaget var det Oddbjørg Blakar, svigerinna hennar Hjørdis Graffer og Rønnaug Sjurgard som var dei tre eg kjende av dei eldste. Så i alle åra som har gått er det desse tre eg har sett for meg som dei "ekte" Bygdekvinnene. Dei som møtte opp, og var med. Sjølvsagt saman med dei andre, men desse tre var med som stamma i laget i Lom i "alle år".

Oddbjørg er ei av to æresmedlemmar i Oppland Bygdekvinnelag.Saman med Ruth Røn er ho dei siste æresmedlemmane våre,sidan vi ikkje praktiserer dette meire.Dei blir inviterte til mellom anna årsmøte, og Oddbjørg sender oss ei helsing på postkort. Det les vi opp i årsmøtet, og det er støtt like triveleg helsing å få,i år fekk vi eit kort, det var Glittertind som var på framsida. Det er så fint eit kort ,Glittertind er optimisten han, seier Oddbjørg.

 Oddbjørg voks opp på garden Graffer,øvst i Vårdalen i Lom kommune. Dei var 7 sysken, og Oddbjørg var nr. 3 og ei av to jenter i ungeflokken.Faren Hans døydde i 1964, og mor Mari i 1996. 

Til vårs er Oddbjørg 95,fortsatt "klår", og bur heime på garden sonen Hans driv no Eg kjem til dekka bord, og ho har mykje på hjarta. Ho les Nationen kvar dag, itilegg til dei lokale avisane, og det vil ho fortsetja med. .

Som ho seier "e ha vårre mæ på ei voldsom utvikling", denne veka var ho på heimgarden og såg på roboten brorsonen Hans Martin har sett inn i det nye fjoset. Ho hugsar handmjølkinga, og frå det, via spann, til robot i løpet av berre "nokre" år er ein av tinga som ho tenkjer på. Og all biltrafikken. 

Når ho voks opp var det langt "på Berje", Fossbergom. Det var ikkje berre å "snerte" seg nordpå. Og det gjekk nok ofte lang tid mellom kvar gong dei var der. 

Sykkel er ein fin oppfinnels seier Oddbjørg. Det brukte dei mykje. Men Rådsbakken var bratt og på tur på Berje måtte dei passe seg så dei hadde bremser heile turen. Han var brattare og stuttare i lengde da enn nå, med 3 "nivå".Ser for meg at det var tungt å gå heim att og, men det trur eg ikkje Oddbjørg tenkte på. 

 

Same kva vi prata om i dag så hadde Oddbjørg vore med i det. Blant anna kom oss innpå Vassveiger,å da kjøm det kjapt frå Oddbjørg " Ja æ dæ någgå e æ gla får at åss fækk te mens e va mæ i styret i Heimbygdslaget så æ dæ at åss fækk låggå Vassveigbokje".  

Vassveigein var livsviktoge for å halde liv i gardane i Lom, og det var mykje arbeid med dei. Oddbjørg prata om gardar som måtte gå bratt opp kvar mårgå å "slå på" vatnet, og same turen om kvelden for å "slå det tå att".

Ordtak i Nord-dalen er "Vil Vårherre gje’ oss sol, ska’ oss sjølve skaffe væte".


Nordstrondsvassveigen er Loms lengste med sine 2 mil.

Nordstrondsvassvegen er Loms lengste med sine 2 mil.

 

Eg nemnde turen Fylkesstyret i Oppland Bondelag hadde blant  anna til Graffer hausten 2018 til Oddbjørg ,og at fleire av dei kommenterte timberet i kjerringstuggu. Det er så stort!

"Keill døm feinn dæ hæill tru lurte e på, nei dæ sku åss jeinne ha visst",svårrå ho Oddbjørg. Og kven andre enn Oddbjørg har ein artikkel i årets Årbok frå Gudbrandsdalen om akkurat det å bruke opp att timber ?! "I någre år ha e drivvi å studert oppattbruk tå timber.Blant einna at geithuset heime vart hytto åt to tå brørne mine".

Da oss var innom slektsgransking, og at "bygdabøken" er gull for meg, kven andre har vore med å laga dei enn Oddbjørg? "e va mæ te åss kåm på Berje men da håppa e tå. Kjænde kje så mykkjy fålk vestafor her e."

Oddbjørg er eit "oppkomme". Ho har  god hukommels, likar å fortelje og kjende mykje folk. For meg er ho BYGDEkvinna med positivt for tegn.

Vass-Per

Peder Pedersen Dagsgardsødegård (1782–6. august 1846), ogso kjend som «Vass-Per», var ein oppfinnsam norsk bonde frå Skjåk, som var ein ekspert i å finne dei beste plassane for vassvegane i distriktet.

Sidan Skjåk har svært låg nedbørsmengd, gjerne so lite som 300 mm i året, er kunstige vatningssystem heilt nødvendig for å kunne drive jordbruk i bygda. I Skjåk aleine er det registrert om lag 300 km med kunstige vassvegar for å forsyne gardane med vatn. Vassvegen går heilt opp til brekanten der smeltevatnet samlast i ein «tepping» (dam), sidan bekkane som fraktar smeltevatn ned til gardane raskt tørkar opp.

Ein slik vassveg, Bordvassvegen i Lom, vart bygd av Dagsgardsødegård og sonen hans. Kontrakten vart signert 1. april 1833, og lova Dagsgardsødegård 200 speciedalar om han klarte å skaffe vatn. Bordvassvegen er eit spesielt imponerande arbeid, for han startar 1450 meter over havet og endar ved 450 meter over havet, den har altso eit fall på 1000 meter. Dagsgardsødegård måtte ogso forsikre at nok vatn kom fram, men ogso at det ikkje kom for mykje vatn, som ville føre til for mykje vatn i åkrane. Bordvassvegen vart sist gong brukt i 1986, og i dag blir stigen langs vassvegen anbefalt som turstig.

Vass-Per døydde på Dagsgardsødegård i Skjåk i 1846. I ettertid har han fått æra for mange vassvegar som han ikkje har laga. Noko han faktisk gjorde var å finne opp eit niveleringsverkty (vatervåg) for å finne ut kva for ein kant neste bakke hella. Han er ogso ein av fleire som har fått êra for å ha utvikla eller vidareutvikla den lomske såmaskina.

Då Øyberget kraftverk vart opna i 2005, handla eit av innslaga under opningsarrangementet om Dagsgardsødegård og nivelering.

Tilsvarande nivelleringsresultat kan ein finne på den portugisiske øya Madeira, der nedbøren vert leia langs fjellsidane i sokalte llevadas. Desse er gjerne kombinerte med ein gangveg, og består av vassveiter (renner) med eit fall på ein meter for kvar kilometer. Llevadaane er fleire hundre år gamle, og vert haldne vedlike ogso i dag, forutan at enkelte vegar utgjer populære turløyper.

 

Kjelde:Wikipedia

 

Vass-Per har og gått opp Nordstrondsvassvegen, den er i fylgje filmen under den lengste dei veit om. 

 

https://tv.nrk.no/program/fola62007662

Bli medlem