Verdas matvaredag - folkemøte med Einar Risvik

Tidspunkt: 
Tirsdag, 15. oktober 2019 - 19:00
Sted: 
Rosendal samfunnshus

15.

okt

Vi markerer Verdas matvaredag den 15. oktober. Dagen skal skapa merksemd rundt behovet for å skaffa nok og næringsrik mat til alle. Omvikdalen Bygdekvinnelag inviterer difor til folkemøte: «Maten er meir enn føda».

Vi har fått Einar Risvik til å koma og halda foredrag. Han er seniorforskar i Nofima (Matforskingsinstituttet) og styreleiar i Skolematens venner. Han er ein svært kunnskapsrik og god formidlar som snakkar på ein engasjerande og lettfatteleg måte. Han vil ta for seg korleis eta rett i dei ulike fasar av livet, han er oppteken ernæring til born,unge, eldre, om du trenar osb. Ikkje minst er han oppteken av at måltidet skal vera ei god stund. Vi trur han vil formidla noko dei fleste både vil ha glede og nytte av å høyra, difor sender vi særskilt invitasjon til lag og organisasjonar i kommunen. Vi vil også oppmoda foreldre om å koma å høyra på han.

Vi planlegg også smaksprøvar av sunne godbitar, men fortel ikkje konkret kva vi kjem til å servera.

Vi trur dette kjem til å bli ein inspirerande kveld i Rosendal Samfunnshus.

Bli medlem