Omvikdalen Bygdekvinnelag – program våren 2017

Møter:

Tysdag17.januar: Kva kan utløyse løynd skaparkraft? Dikt og musikk ved Kristin Schulerud, dans ved Marion Belsvik og billedkunst ved Liesje Croles

Tysdag14.februar: Brannvern i heimen, film og foredrag ved Øyvind Ousdal og Atle Josdal.

Onsdag 8.mars: Markering av den internasjonale kvinnedagen

Tysdag 4.april: Ikkje fastsett tema.

Onsdag 10.mai: Møte i det fri dersom veret tillet det.

Bygdekvinnestreif:

Hordaland Bygdekvinnelag arrangerer streif i Øystese den 18.februar. Påmeldingsfrist: 8.februar. Sjå kunngjering på Hordaland Bygdekvinnelag si facebookside.

Strikkekafé:

Torsdag 19.januar

Torsdag 16.februar

Torsdag 23.mars

Turar:

Februar: Måneskinnstur til Aterstad – torsdag 9. eller mandag 13. avhengig av veret. Ettermiddagstur.

April: Varaldsøy (Øyerhamn/gruvene/kyrkja m.m.) – sundag 23. Heildagstur.

Mai: Omvisning SKL Blåfalli V – onsdag 24.mai. Ettermiddagstur

Juni: Skudesneshamn -laurdag 10. Heildagstur

Middag i Omvikdalen barnehage:

Barnehagemiddagar kjem ikkje av seg sjølv! Det er ei lita gruppe som har teke på seg denne oppgåva med å laga og servera kvalitetsmiddagar i barnehagen i Omvikdalen 3-4 gonger i halvåret. Kunne du ha lyst å vera med på dette, så er det berre å melda seg!

Avtale om å lage middag i lag med borna:

Måndag 16.januar

Torsdag 23.februar

Fredag 17.mars

Tysdag 25.april

Kurs:

 Strikkekurs:

Ein blå tråd vil halda kurs i strikking, først og fremst for nybegynnarar, men og for dei som vil læra seg nye teknikkar som fletting, mønsterstrikking, auking og felling, tolking av oppskrifter, hellfelling  m.m.

Stad: Raualøo    Oppstart  fyrste veka i februar. Påmelding til Astrid,  41416162 innan 30.01

Pris kr. 900 for medlemmer, kr.1100 for ikkje-medlemmer.

Sykurs:

Marian Thunold held kurs i sying, dette kurset er nesten fullt og vil starta opp  tysdag 31.01.

Stad: Raualøo  Oppstart 31.01.2017.  Pris kr. 900/1100. Dette kurset er fullt.

Bunadskurs:   Dame

Går du med planar om å sy bunad eller deler av bunad ?

Kjersti Bondhus har sagt ho kan vera rettleiar på eit slikt kurs.

Stad: Raualøo  Orienteringsmøte måndag 06.02  (Raualøo) Påmelding til Astrid , 41416162 innan 30.01    Pris kr. 900/1100.

Pilfletting:

Dette er litt fram i tid, Klara Pil ville gjerne koma tilbake å halda fleire kurs. 

Etter suksessen i haust bestilte vi ho like godt til å koma tilbake 20.- 21. og 22. april. 

Vi bestemte då at vi skulle laga korger, det tar ca. 13 timar, de startar vi med ettermiddag  fred. 21. april og gjer ferdig laurd. 22.april.

Påmelding til korgkurs: Astrid, telefon 41416162 innan februar.

Klara Pil har då ledig kapasitet  fredag på dagtid og torsdag frå ca. 18.00 til 22.00. Ho har ein del produkt som ho held kurs i som tar ca. 4. timar, ho kan då halda  to slike kurs.

Lesering:

Ein lesering er i gong. Dersom fleire ønskjer å delta, startar vi fleire leseringar.

Bunadsbokprosjekt:

Det er på gong ei gruppe som vil jobba med registreringsarbeid av «Kvinnheradsdrakta». Målet er å få laga ei bok.

Om dette er av interesse, så er det absolutt plass til fleire i dette arbeidsfellesskapet.

Ta kontakt med Kari Haugsbakk (469 65 777) eller einkvan i styret.

Vevstove:

Vi har også aktivitetar på vevstova vår. Nokre vevar står ubrukte og dei er på «tilbod» til medlemmer for kr. 500.- pr. halvår.

Har du interesse for å sjå kva vi driv på med der eller du faktisk har lyst til delta meir aktivt, kan du ta kontakt med MarianThunold (906 91 301) eller Helga Fossheim (918 50 257)

Sokkar til nyfødde:

Vi strikkar babylabber til alle nyfødde som er knytt opp mot Helsestasjonen i Rosendal. Dette er ca. 40 born i året. Har du lyst å bidra?

Gamle foto:

Vi har tilgong på ein del gamle foto frå ei opprydding på skuleloftet. Det er av stor interesse å få regisrert fakta rundt desse bilda; namn ,stad, årstal…Om dette er noko du kunne tenkja deg å sjå nærare på, er du velkommen!

19.

sep

Omvikdalen Bygdekvinnelag

21.

sep

Omvikdalen Bygdekvinnelag

26.

sep

Omvikdalen Bygdekvinnelag

26.

sep

Omvikdalen Bygdekvinnelag

15.

okt

16.

okt

Omvikdalen Bygdekvinnelag

29.

okt

Omvikdalen Bygdekvinnelag
Bli medlem