Det fantastiske bygg-kornet: Temakveld hos Oppdal Bygdekvinnelag

Tidspunkt: 
Onsdag, 22. mai 2019 - 18:00
Sted: 
Personalrommet på Aune barneskole

22.

Mai

Oppdal Bygdekvinnelag inviterer til arrangement om mat og helse

Oppdal bygdekvinnelag inviterer alle med interesse for mat og helse til treff. Vi samarbeider med Aune skole og får med oss ei gruppe elevar i 6.trinn til å lage til maten for kvelden; byggsalat med rundstykke og raffelkaku etter gamal tradisjon i Oppdal.

Vi har invitert ein kapasitet, seniorforskar Einar Risvik, til å fortelje om kornslaget bygg og dei helse-effektane det har for oss. I godt over 20 år har han vore pådrivar for å få bygg sterkare tilbake i kosthaldet. I dei siste åra har han hatt prosjekt knytt til mat og barn på skolen, og er nå på veg inn i prosjekt om mat til eldre. Vi er stolte over tradisjonane i Oppdal og vil vera med på ein aksjon for å få opp interessa for kornslaget bygg som enda til kan dyrkast i Noreg; no i ein foredla utgåve kalla duga. Sorten er å få kjøpt som middagsbygg og treng ikkje vatnast ut over natta, og brukar same koketid som middagsris.

Tid: 22. mai kl 18

Inngangspenger: kr 100. Det er plass til minst 70 i det nye personalrommet, og elevgruppe blir med på serveringa om kvelden.

Vi har også ei utlodning i løpet av kvelden med fine gevinstar i år som i fjor. Blant gevinstar i utlodninga er tur til Røros 2.august på spelet Elden saman med oss i laget. Og boka Furkunt om mat i Oppdal, som vi i bygdekvinnelaget har gitt ut saman med historielaget.

Velkommen!

Temamøte om bygg i Oppdal
  • Onsdag 22. mai 
  • Aune barneskole
Bli medlem