Redesign
Kurs i redesign

Redesignkurs med Monica Herredsvela

Kvifor kasta kjolen om han er for kort eller trong, når ein kan gjera han heilt ny? Monica Herredsvela frå Brusand, og symesterskapet på NRK i 2017, drog fram det eine plagget etter det andre som var omskapt frå både eitt og to andre plagg.

Det ser lett ut å endra skjorter og strikkegensrar til kjolar eller vesker når Monica viser og fortel korleis ho gjer det, men så var det å få det like fint sjølv. Åtte jenter og kvinner sette i gang med god rettleiing frå Monica, og snart surra maskinane og snakket. Litt travelt vart det å gje rettleiing til alle, men med grei køordning, ordna det seg.

Nokre hadde sydd og sydd om mykje tidlegare, medan andre var svært nye i faget, men resultata blei fine, og inspirasjonen blir med heim til nye prosjekt.

Bli medlem