Jolefest i Vonheim

Referat frå Jolafest skrive av Gudrun Hefte

Det vart ein fin joletrefest i Vonheim 5 januar 2020.
Eldbjørg yngste velkomen til dei ca 40 personane som kom trass dårleg ver og føre.
Høgtidleg og fint var det å høyra Bjørg Aurora Ringheim Tveit spela på pianoet
for oss. Dette er ei jente som me heilt sikkert får høyra meir frå, og som kan nå
langt i musikken.
Kirsten Gjersvik tok oss med på oppveksten sin vest på Vangen. Utruleg korleis
ho fekk oss med i tankane og bileta me har i hovudet frå denne tida. Frå ytterst
på Vangen (Kjos huset) og inn til Torget. Dei trengde ikkje gå lenger, det var eit
lite samfunn der ute med alt dei hadde behov for.
Men det er ikkje berre fortelja den dama kan. Ho framførde fin song og forteljing
om «Tida». Fint å høyra på.
Me song mange fine jolesongar, og sjølvsakt gang rundt joletreet.
Brynjulf Prestegard var med oss på pianoet i år og. Takk skal du ha.
Maten på jolefesten er rjomegraut og kvit dame. Det er tradisjon langt bak i tid.
Takk og til Bjørg Rykke for blomane me pynta borda med.
Til avslutning held Britt Furre ein fin tale om jolefeiring med alvor og skjemt
slik me alle kjenner det.
Til slutt song me Fager er jordi, og Eldbjørg yngste alle vel heim.

 

Referat : Gudrun Hefte 

Bli medlem