Hopp til hovedinnhold

Påmelding inspirasjonsseminar

Norges Bygdekvinnelag inviterar alle medlemmar til inspirasjonsseminar i Bergen 20.- 22. oktober 2017. På seminaret kan du la deg inspirere av Åsne Seierstad, Amal Aden med fleire.

Bli med på Bygdekvinnelaget sitt inspirasjonsseminar i 2017!
Norges Bygdekvinnelag sitt inspirasjonsseminar skal i 2017 vere på Grand Hotel Terminus i Bergen sentrum. Inspirasjonsseminaret byrjar fredag 20. oktober klokka 16. 15, men allereie frå klokka 14.00 opnar vi for registrering. Laurdag 21. oktober vert det både innlegg, alle får moglegheit til å delta på eit kurs/tur, før vi avsluttar dagen med festmiddag og musikk. Vi avsluttar seminaret søndag 22. oktober klokka 12.30.

Sjå programmet her!

Meld deg på her! 

*Ver oppmerksam på at påmeldingsskjemaetopner seg som eit eige vindauge.

Frist for påmelding 5. oktober 2017.

Har du spørsmål om inspirasjonsseminaret kan du ta kontakt med organisasjonsrådgjevar i Norges Bygdekvinnelag Astrid Seime på e-post: astrid.seime@bygdekvinnelaget.no.

Tema: Mangfald
Tema for inspirasjonsseminaret er mangfald, og vi vil få innlegg om alt frå likestilling og-bygdeutvikling til vårt fleirkulturelle samfunn. Her vert det noko for alle. I tillegg er inspirasjonsseminaret eit viktig stad for å møte andre kvinner og ha ei sosial og hyggeleg helg med god mat.

Vèl eit to-timars kurs
I løpet av helga kan du blant anna velje mellom organisasjonskurs, historisk vandring i Bergen sentrum, lære å lage sukkerfri sjokolade, fotokurs eller trimtur med utsikt. Om du ikkje vil vere med på kurs er det fint om vi får beskjed.

Forfattarmøte
Forfattar Åsne Guldahl Seierstad gav hausten 2016 ut boka «To søstre». Boka handlar om to søstre frå Bærum som sluttar seg til IS i Syria, og ein desperat far som prøvar å finne dei.  I To søstre går den kritikerroste forfattaren Åsne Seierstad laus på eit av dei viktigaste og mest kompliserte spørsmåla i vår tid. Kvifor vert muslimsk ungdom som har vakse opp i Vesten radikalisert? Kva førte dei to søstrene frå Kolsås til Kalifatet? To søstre er både historia om jentene som reiste, eit land i krig og om ein familie som splintrast. Det er òg ei forteljing om oss, i Noreg i dag. 

Amal Aden
Amal Aden er frå Somalia og kom til Noreg som trettenåring i 1996. Då var ho analfabet. Ho har hatt ein dramatisk oppvekst og ungdomstid.

Amal Aden er kjent for sin uredde stil og sitt brennande engasjement for kvinner og barn sine rettar. Ho har gjennom fleire bøker, kronikkar, foredrag og debatter sett søkelyset på utfordringar i norsk innvandringspolitikk. Den engasjerte forfattaren har motteke fleire prisar som blant anna Erik Byes minnepris 2014, Amnesty-prisen 2012 og likestillingspris frå Buskerud fylkeskommune 2010.

Amal Aden er forfattar av «Se oss. Bekymringsmelding fra en ung norsksomalisk kvinne» og fleire andre bøker. Ho kjem til oss for å fortelje om sine tankar om det fleirkulturelle Norge.

Igor Dunderovic og Fetterforeningen
Musikarane i ensemblet er alle frå Balkan, men bur i Noreg. Balkanmusikarane kan å lage fest.

Dei fortel historier med musikken sin. Om møtet med Norge, om bryllup og tradisjoner. Dei gjer det med ei blanding av norsk folkemusikk og Balkanpop. Og dei gjer det veldig bra. Igor Dunderovic og Fetterforeningen har i 10 år underholdt med humoristisk og teatralsk Balkanmusikk,  med norske tekster ved -  Igor Dunderovic. No er det Bygdekvinnene sin tur å møte dei laurdag kveld.