Hopp til hovedinnhold

Velkommen til bygdekvinnelagets digitale landsmøte 2020

Norges Bygdekvinnelag er glade for å kunne invitere til landsmøte 20. juni 2020. Landsmøtet skal haldast som videokonferansemøte.

Grunna koronapandemien og myndigheitene sine anbefalingar held Bygdekvinnelaget landsmøte som videokonferanse i år.  

- Vi såg verkeleg fram til å møte Bygdekvinner frå heile landet i Hordaland, men sjølv om det ikkje vert som planlagt, ser vi fram til eit annleis og spennande møte, seier generalsekretær Cesilie Aurbakken.

Tidspunkt for Landsmøtet er 20. juni kl. 10.00 – 16. 00.

Det er viktig at alle som skal delta i møtet er klar for å komme inn i møtet klokka 09.00. Det tar litt tid å sleppe alle inn, og når du og ditt lag er inne i møtet, er det berre å ta seg ein kaffi og slå av lyden, fram til møtestart klokka 10.00. 

Påmelding
Alle delegatar, observatørar og gjestar til Landsmøtet må melde seg på til organisasjonsrådgjevar Astrid Seime på e-post: astrid.seime@bygdekvinnelaget.no

Det er viktig at vi har korrekt e-postadress og mobilnummer dei som skal delta i møtet. Kvar enkelt delegat må ha sin eigen smarttelefon (mobiltelefon med Internett) i møtet sidan det er denne som skal brukast når du avgjev di skriftelege stemme.

Påmeldingsfrist 20. mai 2020!

Sakspapir
Sakspapir er sendt ut både på e-post og i posten. Delegatlista vert oppdatert fortløpande. Ta kontakt med oss om du ikkje har motteke papira i posten, så sender vi det til deg. 

Korleis vil det fungere?
Landsmøtet vert halde som eit videokonferansemøte på Zoom. Trykk her for å lese meir om korleis du tek i bruk Zoom og Questback under Landsmøtet!

For at alle skal vere best mogeleg førebudde før møtet har alle fått moglegheit til å delta i testmøter med bruk at Zoom. 

Mindre grupper
Om ein forheld seg til dei oppdaterte smittevernreglane kan mindre grupper kan samle seg i eigna lokaler med ei fells maskin. Dette kan vere hyggeleg for delegatane frå fylka, og dessutan gjere det lettare å avklare felles innspel til saker undervegs i møtet.

Gjennomføring av val
Skriftleg avstemming, som val av nytt styre, vert gjort ved hjelp av Questback, som er eit eige digitalt system for avstemming. Til dette må ein ha ein smarttelefon, som er ein mobiltelefon med Internett.

Frist benkeforslag
Forslag på andre kandidatar enn det som er foreslått av valnemda må meldast seinast 1. juni 2020 til generalsekretær Cesilie Aurbakken på e-post cesilie.aurbakken@bygdekvinnelaget.no.
Informasjon om eventuelle benkeforslag vert sendt ut til delgatane 2. juni 2020.

Har du spørsmål?
Har du spørsmål til Landsmøtet, utfordringar med å skulle delta digitalt eller andre spørsmål, så ta kontakt med Astrid Seime på e-post astrid.seime@bygdekvinnelaget.no eller Ingrid Lamark på e-post ingrid.lamark@bygdekvinnelaget.no.

Velkommen til landsmøte i Norges Bygdekvinnelag. Vi skal gjere vårt beste for at dette skal bli ei god oppleving for alle.
 

26.5._ferdig_veiledning_zoom_qb.pdf