3 millionar til nytt prosjekt
Då Gjensidigestiftelsen kom på døra med journalistar frå Nationen på slep, overraska dei Norges bygdekvinnelag med ein sjekk på 3 millionar til prosjektet «KvinnerUT».
- Eg er utruleg glad. Me har fått pengar av Gjensidigestiftelsen før, så det er ein solid attest til det arbeidet lokallaga våre gjer, sa generalsekretær Cesilie Aurbakken til Nationen. Heile saken frå Nationen med video kan du sjå her.
Inkludering
Med det nye prosjektet ønskjer bygdekvinnelaget å verte ein meir inkluderande organisasjon. Me skal jobbe for å inkludere alle og bidra til å gje tilflyttarar eit nettverk. Bygdekvinnelaget vil i dette prosjektet spesielt invitere med minoritetskvinner til ulike aktivitetar.
Bygdekvinnelaget er veldig takksame for den rause julegåva.
- Det var veldig hyggjeleg å kunne gje ei slik førjulsgåve. Eg gler meg til å sjå kva dei får til med pengane, seier prosjektansvarleg hjå Gjensidigestiftelsen, Veslemøy Rue Barkenes.
Fire aktivitetar
Pengane frå Gjensidigestiftelsen skal brukast på aktivitetar ute i bygdekvinnelaget sine lokallag. To aktivitetar skal vere ein introduksjon til naturen gjennom friluftsliv. Dei to andre aktivitetane skal medlemane i lokallaga planleggje og gjennomføre saman med minoritetskvinnene.
«KvinnerUT» skal fremme helse, språk, inkludering, trivsel og mestringskjensle. Prosjektet skal òg bidra til å auke medlemane si integreringskompetanse.
- Gjensidigestiftelsen er oppteken av inkludering og integrering. Me har samarbeida med bygdekvinnelaget i to andre prosjekt tidlegare og veit at dei er ein organisasjon med handlingskraft, kunnskap og ikkje minst mange tusen frivillege som ønskjer å ta vare på befolkninga i lokalmiljøet sitt, seier Barkenes.
Prosjektstart våren 2017
Lokallag vil i 2017 kunne søkje om midlar til planlegging og gjennomføring av fire aktivitetar i løpet av 2017 og 2018. Meir informasjon om dette kjem når prosjektleiar er tilsett og arbeidet med prosjektet startar opp våren 2017.
Bygdekvinnelaget gler seg til å få «KvinnerUT»!
KvinnerUT er Norges Bygdekvinnelag si nye satsing, med mål om å etablere møteplassar og kvinnenettverk som styrkar tilflyttarar og minoritetskvinner si deltaking i lokalsamfunnet.