Hopp til hovedinnhold

Bygdekvinnelaget meiner tala frå NAV viser at det er heilt nødvendig med ei øyremerking av fedrekvoten for å sikre like moglegheiter for karierre.

Fedrekvoten må aukast

Fedrekvota er eit av dei sterkaste likestillingspolitiske verkemidla vi har, og nye tal frå NAV syner at fedre tek ut færre veker permisjon no enn før regjeringa sitt kutt i kvota i 2014.

Når far er heime med barnet det første året, tek han ein større del av ansvaret i heimen når borna vert eldre. Og når kvinner og menn fordeler oppgåvene i heimen likt, aukar det kvinna sine moglegheiter for karriere og leiande posisjonar. Fedrekvoten handlar difor om kvinner sin fridom til å velje utdanning og karriere, og menn sin fridom til å velje å ta del i omsorgsarbeidet, utan harde forhandlingar med arbeidsgivarar.

- Det er derfor viktig at 14 vekers fedrekvote gjenninføres sier generalsekretær i Bygdekvinnelaget Cesilie Aurbakken i sin kommentar til debatten som no foregår i media

Næringsministeren vil reversere kuttet i fedrekvota
Her kan du lese saka i Aftenposten der næringsminister Monica Mæland seier tydeleg at ho meiner fedrekvoten er eit så viktig likestillingstiltak at hun ønskjer å reversere vedtaket om kutt i kvota som vart gjort av regjeringa for tre år sidan:https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/42qPg/Denne-utviklingen-far-statsraden-til-a-tenke-nytt-om-fedrekvoten

I 2014 reduserte regjeringa fedrekvota frå 14 til 10 veker, og introduserte forslag om ei utvida unntaksordning for å overføre permisjonstida frå den eine forelderen til den andre. Valfridom og tillit til familien, sa regjeringa om unntaksordninga. Eit tilbakeskritt for likestillinga, sa Bygdekvinnelaget i 2014.

- No håper vi Mæland får med seg resten av regjeringen på en ny gjennomgang, seier Aurbakken.

Familiar flest prioriterer at den som har høgast løn og mest ansvar på jobben tek ut minst permisjon. I mange tilfelle er dette framleis mannen. Konsekvensen er at kvinnene i større grad tilpassar arbeidstida og brukar meir tid heime. Det gjer kvinna til den store taparen, med svakare knyting til arbeidslivet, dårlegare moglegheiter for karriere, samt dårlegare løns- og pensjonsvilkår. Forslaget til utvida unntaksordning er med på å skape ein ny generasjon kvinnelege minstepensjonistar.