Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Haaheim Gard

Distriktsårsmøte på Haaheim Gard

Helga 25-26.mars var det Distriktsårsmøte i Hordaland b.kv.l. på Haaheim Gard på Tysnes.
Utsendingar frå Bjørgum b.kv.l. var Elin Koppen og Brynhild Tennebekk Bjørke.
Årsmøte starta med ei helsing frå husfar, Torstein Hatlevik. Ein fin kar, med store talegåver! Deretter helsing frå ordføraren, som snakka om Tysnes som ei aktiv øy, der Tysnesfest er velkjendt, ca 20.000 tilreisande.
Leiaren vår, Asa Gunnarsdottir snakka om for og notid til b.kv.l. i talen sin til årsmøte. Eit æresmedlem i b.kv.l Åse Wilgohs frå Huglo, kom med nokre fine ord.
Utsending frå b.kv.l. sentralt, styremedlem, Ellen Margrethe Garn heldt ein engasjerande tale og gav oss motivasjon til å halda fram med arbeidet vårt i dei ulike lag.
🌺
Viktige datoar: 10- 12.nov 23, Inspirasjonsseminar i Stavanger.
Bygdeløftet: samarbeid mellom, NBU, NB og NBK, 27.okt til 5.nov 23.
Landsmøte i Ålesund juni- 2024.
🌺
Årsmøte gjekk greitt, utsendingane var stort sett samde om det meste. 🍕Talarstolen lite brukt.
🌺
Styret i Distriktslaget i HBK: 2023- 24
Leiar: Asa Gunnarsdottir, Ulvik
Nestleiar: Astrid Lunestad, Øystese
Styremedlem: Siv Helle Prestegard, Vikebygd
Helga Fossheim, Omvikdalen
Maries Custers, Oppheim/ Hauge.
🌺
Leiar i valnemda for 2024: Liv Spilde.
🌺
Tysnes og Omvikdalen b.kv.l. hadde laga eit flott årsmøte på Haaheim Gard. Særs god mat, flott underhaldning under årsmøtemiddagen, med Tysnes kammerkor.
🌺
Det er alltid kjekt å møta flotte b.kvinner frå andre lag, å få inspirasjon til å driva på vidare i b.kv.l.