Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Felles møte på Mølstertunet

Bygdekv.l.møte på Mølstertunet onsdag 12.april- 23. 
Eit samarbeid mellom Ulvik og Bjørgum bygdekvinnelag. 
Det var ca 20 damer som fann vegen til Mølster for å høyra på eit foredrag om.  "Filering av bunadsforkle"
Damene, Margunn Torget Østrem, Karen Holstad og Ingrid Fagnastøl snakka fint og engasjerande om temaet. Dei er medlemmar i Voss Husflidslag.
Grunnen til at dei valde dette tema, er at Husflidslaget sentralt hald, har oppmoda medlemmene sine til å ta tak i "raudelista tradisjonar". I Voss Husflidslag tok då nokre damer fatt på Filering av bunadsforkle.
Dette er handboren kunnskap. Om filering er ein Vossatradisjon er dei ikkje samde om. Damene samla inn fakta om temaet, reiste verda rundt og filering fann dei omtrent overalt. Utfordringa er å få tak i nett som ein kan filera på. No har dei funne ein kontaktmann i Italia, som dei kan tinga nettet hjå.
Dei som er flinkast å knyta nett er dei som lever langs kysten, som er vant til å knyta fiskenett.
På Voss finn ein filering attende til tidleg på 1800 talet. Forkleborder er spesielt for Hordaland.
Materialet om filering vart til ei bok. I juni- 22 var det bokslepp.
Karen Holstad er svært glad for at dette arbeidet er komen i bokform og stolt over formødrene våre som har drive med fileringsarbeid.
I boka kan ein læra om knyting av nett, filering og montering....får eit ferdig produkt.
Ein finn mykje fileringsarbeid frå Bulken og Vassføre.
Ingrid Fagnastøl har helde kurs i filering og eit nytt kurs er under planleggjing.
Etter foredraget vart det kaffistund rundt storabordet i Olavssalen. Der gjekk praten livleg og tida vart altfor kort.
Solgunn W. Bjørke leiaren i Ulvik bygdekvinnelag takka av desse flinke damene med eit gåvekort og blomehelsing.
Ein kjekk og kunnskapsrik kveld for oss som kom på møte.