Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Ivrige kursdeltakere
Steiking
Då skal smørja på.

Kurs i Vossakling

KURS I VOSSAKLING 
Laurdag 18 mars prøvde me oss med kurs i Vossakling igjenn. Me fekk 7 damer med oss på kurset denne gongen, og alle var nøgde då dagen var over.
Nytt av året var at alle kursdeltakerne fekk tilbud om å vera med å lage smørja til klingen fredagskvelden . Laurdagen starta med at med at me laga ei knåa i lag med dei.
Etterpå tok alle plass rundt kvar sine bakebord, og bakinga kunne byrja. Det var som vanleg ein instruktør på kvart bord, så alle fekk den hjelpa dei trengte. Etter at me hadde bakt ut leivane,løypt dei, neka med mjølk og steikt dei ferdig , var det tid for varm lunsj. Den nydelege kyllingsuppa og focacciabrødet til Bente smaka kjempegodt . Det var og kjekt å snakka litt i lag og utveksla erfaringar.
Etter pausen var det tid for bløyting og smørjing av leivane. Dette gjekk og veldig fint. Kursdeltakerne fekk med seg heim mykje god Kling til kaffimat den dagen eller til  å putta i frysen.  Avskjerebitane samla me på fat, slik at me fekk smaka litt på dei då me avslutta med felles kaffistund og evaluering av kurset. Me var og så heldige at eine bakelæraren hadde med anislefse som me fekk smaka på. Dermed vart det endå meire gode smakar til kaffien vår. Tilbakemelding frå kursdeltakarane var god. Dei syntes det var ekstra kjekt at dei hadde fått vera med å laga både smørja og knåa. Så det må me nok fortsetja med eit anna år og.

# tradisjonsbakst #bygdekvinner# bjørgumbygdekvinnelag #trivelegefolk  #festmat #norgesbygdekvinnelag #hordalandbygdekvinner