Hopp til hovedinnhold

Bø Bygdekvinnelag

20. september kl. 19.00

Åpent møte om sjukdommen Demens.


20.09.17 Møte på Bø Frivilligsentral.

                                                                                             

Tema denne kvelden var sjukdommen Demens

Det var 27. frammøtte.  Leiaren i Bø Bygdekvinnelag Helga Eika ønskte velkommen, denne kvelden hadde vi og bede med oss medlemmer frå Sauherad Bygdekvinnelag. Deretter las ho eit dikt frå medlemsbladet til Norges Bygdekvinnelag.

Avdelingsleiar Leslie Von Der Voorde ved skjerma avdeling ved Bø Sjukeheim, informera om daglig arbeid og utfordringar i eit krevande yrke. Vi fekk god informasjon om ulike typer av sjukdommar demens slik som:  Alzheimer sjukdom. Vaskulær demens, Frontal demens. Demens med Lewy-legeme. Parkinson og andre demenssjukdommar. Det var ei lydhør forsamling, nokre hadde spørsmål som dei fekk  utførlege svar på av Leslie.   Ho informera og om korleis ein bør kommunisere og forholde seg til personar med denne sjukdommen. Framheva og «Hukommelsesteamet» i Bø Kommune, her er eigen kontaktsjukepleiar.     Avslutta med god tilbakemelding, alle synes dei hadde fått god informasjon og rettleiing, i møte med personar med demenssjukdom.                                                                                                                            Leiaren vår takka alle for frammøte, ønskte alle vel heim.