Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Spente damer klar for forteljing om Synnøva Føyen sitt liv.
FØredragshaldar Johanne Øvstebø Tvedten
Noko å bite i, og loddsal.

Kveld saman med Stord Bygdekvinnelag

Tre damer frå Fitjar Bygdekvinnelag tok turen til Leirvikstova på Leirvik, 18.april. Invitasjonen kom frå Stord Bygdekvinnelag, og det vart ein innhaldsrik kveld.

Ingrid, Marie og Linn Helen tok turen til Leirvikstova denne torsdagskvelden. 
Johanne Øvstebø Tvedten skulle fortelja om Synnøva Frøyen sitt liv. 
Med innleving og formidlingsevne utan sidestykke, tok Johanne oss med på ei reise i tid.
Me såg for oss livet til Synnøva som om me var der sjølv; frå lange dagar med mjølking av kyr, passing av småsøsken, roing på havet, sorg over mor, nyt familie, kjærleik og skapinga av sitt eige vaksenliv. Takk for eit levande føredrag!

Kvelden vart avslutta med litt godt å bita i, morosam prat kring bordet og vinnarlukke under loddsalet.
Tre fornøgde FItjar-damer reiste heimatt, og me takkar for invitasjonen.