Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Strikkemaskinkurs i Rosendal

Linn Helen tok turen til Rosendal, der Omvikdalen Bygdekvinnelag skipa til Strikkemaskinkurs i helga.

I nydeleg vårsol, og framifrå omgjevnadar i Rosendal, skipa Omvikdalen bygdekvinnelag i helga Strikkemaskinkurs. Dette måtte Linn Helen få med seg!

Under nøye opplæring frå strikkemaskindronninga Karoline Blix, var det engasjerte damer som sat med kvar si strikkemaskin. Nokon har gjort det litt før, medan Linn Helen var heilt nybyrjar. 

Etter x-antal prøvelappar, tråd som ikkje ville samarbeida, nåler og børstar og prøving og feiling, fekk ein endeleg litt dreisen på det.

Linn Helen kom heimatt med eit par produkt i neven, samt nytt engasjement i enno ein hobby.

Tusen takk for husly, Grete Bruntland. Koseleg prat og god middag vart det hjå ho om kvelden.

-Og tusen takk for invitasjonen, Omvikdalen Bygdekvinnelag!