Hopp til hovedinnhold

Fyresdal Bygdekvinnelag

Hermetiseringskveld


Vi var 10 damer som møttes på skulekjøkkenet på Gimle 28. september.

Gaby Larsen frå Tinn kom for å lære oss mange måtar å konservere frukt og bær på.

Vi laga ei nydeleg blandingssaft i saftkokaren, ein enkel is av krem og frosne bær, og fekk demonstrera korleis vi kunne lage "konfekt" av gamalt syltetøy m.m. Og så hermetiserte vi plommer og pærer i store mengder.

Som vanleg har vi det moro i lag og kvelden gjekk fort, takk til alle som var med og bidrog til ein gild kveld.