Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Kvinnetreff i Fjordahallen

Første arrangement i bygdekvinnelaget sitt prosjekt KvinnerUT var svært vellukka

34 damer møtte til samkome i Fjordahallen den 12. februar.  Me hadde bede inn tilflyttarkvinner frå ulike land denne kvelden. Eit godt førearbeid med invitasjon i postkassar og direkte kontakt via flyktningekonsulenten , gjorde at mange fann vegen til bygdekvinnelaget sitt møte. Etter at leiaren hadde ynskt velkomen og fortalt litt om laget, var det matøkt. Og sidan me hadde bede inn gjester, spanderte me på oss varmrett. Det var god kyllinggryte med ris og salat, levert frå Ullensvang Gjesteheim.

Signe Lise  og Margareth hadde førebudd ein aktivitet med å laga collage.  Etter maten fekk damene prøva seg. Dei klipte, reiv og limte, og skapte det eine kunstverket etter det andre. Aktiviteten var stor og praten gjekk livleg rundt borda. Innimellom all aktiviteten fekk me og tid til å drikka kaffi og eta blautkaker.

Til slutt hadde me gratis utlodding, og fleire fekk gevinstar med seg heim. Det såg ut for at alle kosa seg og at arrangementet var vellukka.