Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Tradisjonsbaking på timeplanen


Elevar frå 7. klasse på Kinsarvik Skule har bakedag i eldhuset

Kinsarvik bygdekvinnelag meiner det er viktig at dei unge får kjennskap til gamle mattradisjonar. I samarbeid med Kinsarvik Skule har me derfor kvar haust ein dag der elevar frå 7. klasse får prøva seg på baking av krotakaker i eldhuset. 12 kjekke og blide elevar møtte opp 24. oktober. Kakene vart både fine og gode. Det var stolte elevar som bar med seg eigenproduserte krotakaker heim.