Ragnhild og Jonas Viken er to av dei som dyrkar kortreiste grønsaker og urter til trondheims-folket på den grøderike jorda.
Ragnhild og Jonas Viken er to av dei som dyrkar kortreiste grønsaker og urter til trondheims-folket på den grøderike jorda.

Nyskapande grønsaksprodusent

På halvøya Frosta i Nord-Trøndelag vert det produsert så mykje grønsaker at det vert kalla Trondheim sin kjøkkenhage.

På Forsta ligg åkrane og veksthusa på rad og rekke,- med eit mangfald av  grønsaker og urter.

-  Mangfaldet av grønsaksproduksjon større enn nokon annan stad i Noreg, fortel Ragnhild Viken, dagleg leiar for Viken Gartneri AS. Ho og mannen Jonas produserar urter og salat i veksthus, i tillegg til at dei har  frilandsproduksjon av fennikel, hjertesalat, vårløk og romanosalat.

Fekk smaken på urter
Ekteparet overtok garden etter foreldra til Jonas i 1990, og ville prøve noko nytt. I 1998 byrja dei med rapidsalat i veksthus, og fire år seinare såg den første urteveksten dagens lys. I dag har dei 16 tilsette, og leverer urter og grønsaker til butikkar frå Trøndelag og nordover.


Ragnhild fortel at urter er ei utprega ferskvare, der ein har fire dagar på seg frå urteplanten er ferdig til den må vere pakka og på plass ute i butikken.

Ein har fire dagar på seg frå urteplanten er ferdig
til den må vere pakka og på plass ute i butikken.

Konkurranse
Grønsaksproduksjon er ein risikosport der både vêr, etterspurnad og prisar endrar seg heile tida. Noreg er i sterk konkurranse med Europa, som produserar billegare grønsaker sidan dei generelt sett har eit lågare prisnivå, både på lønn og produksjonskostnader.

Ragnhild og Jonas har medvite valt å satse på produksjon av urter og salat i veksthus, utan sprøytemiddel. Men, sidan dei brukar kunstgjødsel vert ikkje produksjonen rekna som økologisk.

- Det som er spesielt med akkurat urter er at sidan det er ei ferskvare så er det ikkje så stor konkurranse frå utlandet, fortel Ragnhild.

I  Europa flyttar fleire og fleire av grønsaksprodusentane frilandsproduksjonen under opne hus med tak eller inn i  enkle veksthus. Det gjev dei ein lenger sesong,  og ein meir kontrollert og beskytta produksjon. Det gjeld særleg produsjonen av salat. Såleis  vert grønsaker frå resten av Europa ein enno større konkurrent for norske grøntprodusentar. For norske produsentar er difor toll eit viktig verkemiddel for å ta vare på dei mest utsette produksjonane.  

- Vårt mål er uansett at vi heile tida satsar på så god kvalitet at forbrukaren vil ha våre produkt og butikkane tek det inn, seier Ragnhild.

Ifølgje Ragnhild er Crispi-salaten som vert produsert i veksthus ein sprøare og søtare salat. Frilandsproduksjonen er billegare i produksjon og ein får eit anna type produkt. Når ein produserar på friland får ein tyngre salat, og ettersom prisen ein får for salaten kjem an på vekta får ein høgare pris for denne i marknaden. Ragnhild meiner det er viktig å bevare preferansen på veksthus-Crispi som ein anna type salat, og ikkje minst at forbrukaren skal vite omskilnaden.

Det krev mykje midlar og store investeringar å få i gang veksthusproduksjon, så dei bestemte seg tidleg for å organisere seg som eit aksjeselskap (AS).

- Utan å vere organisert som eit AS, kan ein som sjølvstendig næringsdrivande risikere å miste hus og heim, om ein vert sjuke eller om marknaden fell, seier Ragnhild.

Den norske grønsaksproduksjonen og salet av norske grønsaker og urter er avhengig av eit tett samarbeid med både samarbeidsbeslutningar som Gartnerhallen og marknaden (grossistane) for å drive innovasjon og utvikling. Viken gartneri har leveringsavtalar med Gartnerhallen, som er eit samvirkeføretak eigd av  1150 produsentar. Samarbeid gjev grøntprodusentar over heile landet moglegheit til å fokusere på god produksjon i staden for eigne forhandlingar.

- Eg meiner samarbeidsbeslutningar er avgjerande for å oppnå forsvarleg pris og gode leveranseavtalar, seier Ragnhild.


Kortreist mat til nærbutikken
Viken gartneri har jobba for å få merka produkta sine som eigne merkevarer slik at forbrukar veit akkurat kvar urtene og grønsakene kjem i frå. Dei var dei første som fekk sitt namn på eigne produkt. Merking av den lokale maten gjev stoltheit for både produsent, grossist og forbrukar.

- Det gjer det artigare for meg å vere bonde å kunne vise fram mine produkt. Det påverkar òg forbrukaren som ønskjer å kjøpe meir norsk mat, seier Ragnhild.

Viken gartneri har auka omsetninga betydeleg dei siste åra. Ragnhild er overbevist om at ein stor del av grunnen er arbeidet Bama og Gartnerhallen har gjort for å gjere norske grønsaker kjent for forbrukaren. Ragnhild trekkjer òg fram Rema 1000 i Trøndelag sin jobb for å løfte fram og synleggjere lokale mat- og grøntprodusentar i sine butikkar. Viken gartneri var dei første som byrja å bruken merkevaren "smaken av Trøndelag", som dei utvikla saman med Rema 1000.

Inspirert av munkane i klosterhagen
Inspirasjon til drifta er også henta frå middelalderen sitt klosterliv. I 1207 kom de første munkane til Frosta. I klosterhagen vaks mange ulike grønsaker og urter og munkene hadde meget god kunnskap om spesielt urtene sine eigenskapar. Grønsakshagen vart stelt med stor omsorg og tålmod. Ein filosofi som Viken Gartneri har videreført i sin produksjon.

- Vi gjev plantane tid til å spire og gro, og kan difor tilby friske, sprøytefri krydderurter og salatar av høg kvalitet med god smak, seier Ragnhild.

Dei legg stor vekt på at dyrkingsmetodane skal bygge på naturlege vekstvilkår, og i 2016 mottok ekteparet Viken den prestisjetunge leverandørprisen frå Bama. I omtalen står det: "På Viken Gartneri er de kunnskapsrike, kreative og innovative – enten det gjelder ulike plantekulturer, tekniske løsninger eller miljøet (...)".

Marknad for nye grønsaker
Moglegheit for nyskaping var noko av det som inspirerte Ragnhild til å satse på grønsaker og urter. Ho har tru på at forbrukaren ønskjer nye produkt.

Ho fortel at salanova er ein ny salat som dei trur kunne ha blitt veldig bra. Salaten har  veldig små blad, så når du har vaska den og skjært av stilken er den klar for servering. Salanova var i sal i ein  prøveperiode, men sidan det gjekk lite av den vil ikkje butikken ta den salaten.

- Eg meiner viljen til å marknadsføre dei nye produkta på ein god måte er avgjerande for å få til eit godt sal. Det er ikkje slik at forbrukaren automatisk prøvar alt nytt som kjem for sal i butikken, seier Ragnhild.

Ville minske matsvinnet

Den korte haldbarheita og marknaden gjer at det nokre dagar kan vere vanskeleg å få ut alle varene. Nokre av urtene og grønsakene har også "feil utsjånad". Ragnhild såg at det vart ein del svinn, og byrja å tenkje på korleis dei kunne vidareforedle dei gode råvarene. Det har

No har dei starta opp verksemda "Grønne Folk", med mål om  å lage sunn mat av gode grønsaker utan tilsetningsstoff. Maten som før vart kasta eller brukt til dyrefor vert no brukt til å lage ferdiggryter, hummus og grønsaksburger.

- Det skal smake godt og ha god haldbarheit, avsluttar Ragnhild, som i 2017 mottok gründerpris frå næringsforeninga i Stjørdal.

Ja til norske grønsaker

Artikkelen er laga i samband med Bygdekvinnelaget sin aksjon "Ja til norske grønsaker". Målet med aksjonen er å auke kunnskapen om og bruken av norske grønsaker hjå norske forbrukarar.

16. oktober er verdas matvaredag, og mål 2 i FN sine bærekraftmål sier at vi skal utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremme bærekraftig landbruk innan 2030. På verdas matvaredag vil over 130 lokale Bygdekvinnelag over heile landet markere dagen utan for sine nærbutikkar. Bygdekvinnelaget samarbeider med Gartnerhallen og vil saman setje søkjelyset på grønsaker som ei sunn og god norsk råvare.