Øystese Bygdekvinnelag har organisasjonskurs saman med Hordaland Bygdekvinner i Øystese
Det var mange engasjerte bygdekvinner på kurs i nettside og organisasjonsarbeid på ungdomsskule i Øystese lørdag 19.oktober. Grethe Brundtland leia kurset i organisasjonsarbeid og Tale Hammerøys Ellingvåg og Helle Berger tok seg av opplæring på nettsidene.
20 bygdekvinner møtte opp kl.10 på ungdomsskulen i Øystese. Me starta med kaffi og rundstykker som Øystese Bygdekvinnelag hadde laga til. Det var bygdekvinner frå 10 av lokallaga i Hordaland som tok vegen til Øystees for å få opplæring innan organsisasjonsarbeid denne dagen. Det er ulikt kor mykje erfaring dei har, men alle lærte mykje nytt. Grethe Brundtland frå Omvikdalen Bygdekvinnelag er i sentralstyret i Norges Bygdekvinnelag og brenne for organisasjonsarbeid. Ho har vert med å utvikla nettkurs i organisasjonsarbeid som ligg på nettsida til Norges Bygdekvinnelag. Mange bygdekvinnelag brukar desse nettsidene allereie, der kan dei ta kurs på møtene sine sjølve. Helle Berger og Tale Hammerø Ellingvåg er engasjerte damer som har sitt arbeid hos Norges Bygdekvinnelag og dei har ansvar for heimasidene og opplæring for oss bygdekvinner i heile Noreg. Dei som var med på kurset fekk tilgang på heimasida til sitt lag og fekk innføring i korleis administrera der. Til lunsj serverte Øystese Bygdekvinnelag ei nydeleg betasuppa som var velfortjent for deltakarane. Vidare var det arbeid på dei to kursene som vart kjørt paralellt. På slutten evaluerte me kurset saman og fekk kaffi og kaker. Ein lærerik dag med håp om god nytte ute i lagene.