Aug
15
Mon
Bli kjend på Hompland og Steian
Biletet av Hompland er frå 1976, tatt av Jonas Øksendal, og me vil nok oppdaga ein del endringar sidan då, om me får Hompland i fugleperspektiv.
Turen går til Steian, og me møtest på parkeringsplassen i svingen vis a vis Guddalsbrua kl. 18.00. Ta gjerne med ein nabo, ven eller ei venninne eller to!
Ut frå gjenstandar ein har funne i ein potetåker her i mai 1896, meiner ein at garden Hompland er gammal, og truleg har det budd folk her i omlag 1500 år.
Mesteparten av garden ligg på neset som blir danna mellom elvene Hemså og Sira, og kyrkjevegen gjennom dalen gjekk forbi husa på Hompland.
Kanskje får me høyra sagnet om guten som gifta seg med vetejenta Bårne (Borgny) òg…