Medlemsmøte i Bø Bygdekvinnelag
28. november kl.19.00.
Denne kvelden var me samla på Eikjabygda grendehus i Eikjabygda. Skulle laga julekransar. Helga Eika hadde tatt med mykje fin kvist av edelgran. kvar enkelt hadde med anna materiell.
Men fyrst innleda leiaren vår om at 25. november er "Den internasjonale dagen for avskaffelse av vold mot kvinner". Bø Bygdekvinnelag tok oppfordringa frå Norges Bygdekvinnelag om å markere denne dagen med fargen oransje. Det var markert med lys i denne fargen på bord og i vindauga.
Tok opp nokre lagsaker.
Deretter var me i gang med edelgrankvistane. Tok ei lita pause som me kosa oss med rømmegraut og deretter kaffi og kaker.
Triveleg kveld, resultatet vart mange fine juledekorasjonar/kransar til jul.