Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Kompardag i Breimshallen!!

Kompardagen blei igjen eit svært vellukka arr der mange Breimningar (og andre) møtte opp. Der vart laga i overkant av 400 komparar, og salet gjekk "strykandes", så vi vart omtrent utseld!! Bygdekvinnelaget i Breim er veldig nøgde med at bygdafolket viser slik stor oppsluttnad, så takk skal alle ha for det. Styret takkar samstundes for den store dugnadsinnsatsen denne dagen (og dagane med førehands arbeidet) Eit stort arr er igjen vel gjennomført takka være flinke dugnadsfolk. Firda Tidend var tilstades, og dei hadde eit fint oppslag i avisa (eine bilde over er lånt frå dei, vi er leie for at vi ikkje har andre bilder frå dagen).