Hopp til hovedinnhold

Egdetveit og Vinje Bygdekvinnelag

Anita Jordalen klipper snora og gapahuken er offisielt åpnet.

Anita Jordalen klipper snora og gapahuken er offisielt åpnet.

Turstiar og rasteplass for alle

I samband med Norges Bygdekvinnelag sitt prosjekt «Bygda i bevegelse», var det nokre driftige medlemmar i laget vårt som foreslo at laget skulle søka Gjensidigestiftelsen om midlar til å rydda ein del av dei gamle stølsvegane og stiane rundt om i bygda som er i ferd med å gro att og samtidig bygga ein gapahuk på ein stad som alle kunne ha glede av.

Søknad blei sendt i september 2015 og me fekk positivt svar. Gjensidigestiftelsen innvilga 61 000 kroner til prosjektet. Dette var det me hadde søkt om for å dekka dei stipulerte kostnadene. I tillegg rekna me 20 000 kroner i dugnadsarbeid. Prosjektet starta opp våren 2016 med rydding av stien frå hovedvegen utover i bygda og opp til staden der me hadde planlagt bygging av gapahuken. Ektefellene til bygdkvinnelaget sine medlemmar, hyttefolk i bygda  og medlemmane i Egdetveit Ungdomslag stilte også opp og hjalp til. Det var mange små og store hender i aksjon og dugnadsarbeidet gjekk med liv og lyst. Me fekk servert dugnadsmat dei dagane det var organisert dugnad med mange deltakarar, men nokre av dei nevenyttige karane i bygda gjorde ein ekstra stor innsats slik at då jonsokaftan kom med strålande ver, sto gapahuken ferdig med benker og bord og kaffikjel og bålpanne var innkjøpt.

Den kvelden hadde med ein flott opning av gapahuken med gratis grillmat og kaffi og kaka til alle som møtte fram. Me var over 60 personar den kvelden.

No er prosjektet på det næraste ferdig. Me har fått opp ei plakat-tavle med kart som viser alternative stiar og turvegar i området og skilt som viser veg opp til gapahuken. Her manglar det no berre litt betre merking av vegen vidare oppover.

Me håper no at dei rydda og merka stiane og gapahuken vert flittig brukt slik at mange kan ha glede av prosjektet vårt. I gapahuken er det sett opp postkasse med bok slik at dei som er på besøk kan skriva navnet sitt.

Dette er eit av laget sine bidrag i høve bygda i bevegelse. I tillegg arrangerer me fire turar – fire årstider.

Egdetveit Bygdekvinnelag er eit lite lag med berre 15 medlemmar, men dei fleste medlemmane er flinke til å stilla opp og då får me til mykje.

 

For Egdetveit Bygdekvinnelag

Kjellrun Hommedal