Hopp til hovedinnhold

Hol Bygdekvinnelag

Årsmøte på Vika velferdssenter

Jan Eira i høgsetet....

Eit godt møte med prat og mat

Fine snittar vart servert

Ein triveleg kveld.

Årsmøte i Hol BK


24. oktober 2018

Årsmøtet i Hol BK vart halde på Vika velferdssenter. Det var stort frammøte. Viktige saker vart diskutert, og nytt val vart gjort. Det nye styret er no: Ingunn A. Nestegard, Tone Berg, Inger Grostølen og Gunn Berit Kanganrood. Elisabeth Haugen og Randi Jorde er varamedlemmar. Ann Kristin Breie tek reknskapen, men sit ikkje i styret. Kari Nedremyr gjekk ut av styret etter mange, mange år i styret som skrivar. Vi takkar ho for ein flott jobb gjennom alle desse åra. Takk også til Torhild Trones Slåtto som gjekk ut av styret. Årsmøtet vedtok at det nye styret skal konstituere seg sjølv. Me fekk nydeleg servering. Det var snittar, byggrynskrem med raud saus og gulrotkake, kaffi og te. Jan Eira kom og fortalde om drifta i "Eira fisk og vilt" som er i Hovet. Dette var svært interssant. Arbeidsplan for neste år vart diskutert. Vi har god økonomi i Hol BK, og vi snakka litt om kva vi vil prioritere med middel "frå pengeskrinet". Laget har nyleg brukt pengar til eigen nytte og kjøpt eit godt messetelt. Dette er tenkt kan leigast ut til andre som måtte vere interesserte. Elles kom det inn fleire gode tankar om bruk av lagsmidlar. im