Hopp til hovedinnhold

Hol Bygdekvinnelag

Hol Bygdekvinnelag stod for deileg servering. Her gjekk lappar, lefsekling, kaffi og kald drikke unna som "varmt kveitebrød"

Årets brudepar.

Spel for brudeparet.

Brudeparet til hest. No startar brudeferda langs Holsfjorden til gjestebods garden.

Festlyden

Dans med to følgje. Hatt gjestebod!

Holsdagen 4. august 2018


God tradisjon.

Holsdagen vart arrangert for 61. gong 4. august 2018. Dette er eit arrangement i Holsbygda for å syne korleis eit gjestebod vart feira i gamle dagar. "Vigsle" i Hol gamle kyrkje, brureferd langs Holsfjorden til gjestebodsgarden, Hol Museum. Vel framme på museet er det flott program med spel og dans og små innslag for å syne gamle gjestebods tradisjonar. Ein viktig del av arrangementet er å syne fram dei ulike hovudplagg som kvinnene nytta. Noen av Hol Bygdekvinnelag sine medlemmar (saman med andre bygdekvinner) står for påsetting av hårlag (brura), kjeringhette, jentepannelin og hovudklut. Hol Bygdekvinnelag står for servering for dei som vil nyte ein kaffikopp, kald drikke, lefsekling og lappar med syltetøy og rumme.  Ein stor takk til alle som stiller opp for Holsdagen. im