Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Bygdekvinnestreif på Huglo

Laurdag 3.mai var vi samla til streif på Huglo. 60 damer frå ulike bygdekvinnelag i Hordaland tok turen og vart godt tekne imot av det lokale bygdekvinnelaget

.
Første post på programmet var besøk i Omnshuset. Dette er eit privat museum på garden til Eline Bruntveit, der ho og ektemannen har samla gamle støypejernsomnar  frå perioden 1840 – 1940. Eline orienterte om dei ulike omnstypane, komfyrar, magasinomnar, kokeomnar, kisteomnar, badeomnar, kyrkjeomnar, båtomnar m.m. Vi kvinnheringar beit oss særleg merke i ein staseleg omn som har stått på Herøyo i Herøysund, kanskje i tingstova?  
Neste stopp var bygdehuset, den nedlagde skulen. Her orienterte Wenche Taranger om Huglo, eit lite samfunn med ca 75 fastbuande. Deretter var det puljevis busstur til Sør-Huglo, på smal veg gjennom eit idyllisk landskap. Fine bakkar og velhaldne gardsbruk ligg langs vegen og Huglo kan no skryta over å ha dei einaste mjølkeprodusentane i Stord kommune.
Besøk på gards-og garnbutikken i Konradløo blei det også tid til. 
Tredje programpost var besøk på Myrvold gård, besøksgard med dyr og fuglar av mange slag og fasongar. Her er det også kafé med produkt laga på garden.
Streifet vart avslutta i bygdehuset med nydeleg middag, kaffi og kaker.
Huglo bygdekvinnelag hadde verkeleg stått på både med matlaging, baking og vakkert pynta bord i gymsalen. Tusen takk til damene på Huglo!

Referent: Gunnbjørg Raudstein