Hopp til hovedinnhold

Telemark Bygdekvinnelag

#BONDEOPPRØR21 – Landbruksminister Bollestad og regjeringa

Det er på gang eit #BONDEOPPRØR21.  Bonden prøver å varsle at bønder har svært vanskelege økonomiske kår. 

I det siste året har vi fått bevis på kva norsk landbruk betyr for Norge.  Trass i pandemi har land-bruket stått fjellstøtt og sikra oss mat på bordet.

Tokke Bygdekvinnelag er bekymra over at mange gardsbruk blir lagt ned og at arbeidsplassar forsvinn.  Landbruket står for mykje av verdiskapinga i distriktene.  Små og mellomstore bruk er viktige for å halde i gang lokalt næringsliv, lokal beredskap og ikkje minst bærekraftig matproduksjon basert på lokale ressursar.  Disktriktslandbruket hindrar attgroing, tek vare på kulturlandskapet og den lokale historien.  Det gjer at det er triveleg å bu på bygdene. 

Held utviklinga fram med nedlegging av små og mellomstor bruk, blir landet vårt fattig på opplevingar.  Vi tenker då spesielt på kortreiste råvarer og eit kulturlandskap som forvitrar.                    Her er det viktig å utnytte dei fantastiske ressursane som naturen gir oss t.d. beite. 

Den politikken som blir ført no, gjer det håplaust for små og mellomstore bruk å reinvestere og samstundes ha ei inntekt å leve av.

Tokke bygdekvinnelag støttar #BONDEOPPRØR21

  Tokke bygdekvinnelag (styret)

Randi J. Felland, Aud Grete Haugehåtveit

Torhild Byggstøyl, Annemarij van Dinther,

Tone Dale Solvang, Brith Wenche Aarseth