Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Eldhuset ved Bråvoll

Baking og loddsal

Mange medlemmer i sving for å få til Sommarbasaren.

11. og 12. juni fyrer me opp krotakakeomnen og bakar i eldhuset på Bråvoll frå kl.8 - 20. Me har tre økter kvar dag , så om lag 24 medlemmer med på dette. Andre er i sving med loddsal og i tillegg har me ein eigen basarkomite. Dei organiserer  basardagen og får med folk på dette. Basaren er den viktigaste inntektskjelda vår og såleis grunnlag for god drift i laget.

Mykje arbeid, men folk stiller opp, og det er jo kjekt  å gjera noko saman.

Bygdekvinnelaget har no 63 medlemmer. Dei fleste frå Kinsarvik, men og fleire frå Lofthus og nokre frå andre stader.

Me tek gjerne i mot nye medlemmer,

Det er berre å melda seg inn på bygdekvinnelaget.no