Om Heddal Bygdekvinnelag
Om oss i Heddal Bygdekvinnelag
Heddal Bygdekvinnelag blei stifta i 1928 og har idag 63 medlemmer. Vi er eit typisk "trivselslag" der vi også samarbeider med andre lokale organisasjonar. Vi vil vere samfunnsengasjerte, ta vare på bygdefolket sine sosiale, kulturelle og økonomiske interesser. Vi er ein partipolitisk nøytral organisasjon, bygd på nasjonale og kristne verdiar.
Gjennom året finn du mange aktivitetar for trivsel, helse og personleg utvikling. Vi har møtene våre på torsdagar, vanlegvis i eit av bygda sine grendehus. Møta har eit tema, hyggeleg samver med kaffipause og utlodning. Medlemsmøter og kurs blir avertert i lokalavisa.
Vevegruppa holder til i Storgata 44 på tirsdager. Vi har fire leseringar, og Gangelaget er ute kvar måndag. Vi hjelper også til med bingo på Haugmotun. Kvar sumar har vi grønsaksåker i Tåråfjellvegen på Vestsida.
Du er velkommen hos oss i bygdekvinnelaget!