Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Anna og Brita klar til og sleppe inn folk på møte Foto: Àsa

55 på skjermen i år Foto BdB

Børve og Sekse Foto: Signe Lise Børve

Fitjar Foto: Elin Marie Håvik

Smittevern på alvor Foto: Bjørg Håland

På Stord kosa dei seg med god mat i pausen Foto: Guro Holmberg

Og jammen kom det tvillingar i pausen og Foto: Guro Holberg

Turid D. klar for møte Foto: Turid D.

Anja i ulvik Foto: Anja H. Svingen

Anna Torill og Målfrid Foto: Anna Torill

Àsa hadde laga nydelege pannekaker. Foto: Anna

Omvikedalen

Utsikt i Kinsarvik Foto: Helene Olsen

Årsmøte Foto: Liv Kolskår

Utsikt frå Årsmøte Foto: Berly M.Giljarhus

ÅRSMØTE 10.APRIL 2021 PÅ ZOOM


ÅRSMØTE PÅ ZOOM I HORDALAND BYGDEKVINNELAG

LAURDAG 10 APRIL BRAKA DET LAUS MED ÅRSMØTE I BYGDEKVINNELAGET.

Også i år var me samla på zoom på grunn av koronarestriksjonar.

Æresmedlem, tidlegare Fylkesleiar , representantar frå sentralstyre , ordstyrar, valgnemd, Vestland Bondelag , Hordaland Bygdeungdomslag , fylkesstyret og 41 representantar får lokallaga i Hordland .

Nokon hadde samla seg i lag i lokale med god plass og nokon kunne sitje litt meir tett, og folk gjorde dette til ein fin dag med god lunsj og stort engasjamang.

Fylkesleiar og  nestleiar med dottera Anna sat samla på Voss og styrte det tekninsk.

Astrid Lunestad var ordstyrar og gjorde ein flott jobb i frå dataen sin i Øystese

. Foto. Astrid Lunestad

Det vart eit godt møte med gode innlegg, diskusjonar og gode kommentarar.

Me arbeide oss gjennom sakslista på ein grei og ryddig møte.

Àsa heldt ein god Leiars tale i år og.

 Foto. Brita D. Bjørke

Budsjett og arbeidslpan vart godkjent .

Ei sak som tok noko tid og det var spennande i forhold til utfall av avstemming, var kva form Årsmøte vårt skal ha i framtida.

Det enda med at det skal vere som før , men at styret ser på arbeidsfordelinga mellom fylkesstyret og lokallaga som er ansvarlege.

Valget gjekk greit . Og styret takkar for tilliten og gledar seg til vidare samarbeid. med alle lokallaga.

Me var så heldige og ha med oss Unni J.Skadsem frå Sentralstyre. Ho heldt eit flott innlegg til oss der ho snakka om alle prosjekta til NBK og skrytte av Hordaland blandt anna.

 Foto: Àsa

Margunn frå Ulvik ynskte oss velkommen til Ulvik til neste år.  Då vonar me verkeleg at me kan møtast fysisk.

 Foto: Margunn

 

Me fekk tilsendt mange flotte bilder frå møtedeltakakrane, har lagt ut ein del av dei øverst her. 

Mykje flotte damer, gode måltid og flinke med avstand.