Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Mandelhuset Foto: Bdb

Flotte damer Foto:Bdb

Jorunn Foto.Bdb

Ordførar på Tysnes Kåre Martin Kleppe

Dokkemakar Britt K.Rage Foto:Bdb

STREIF PÅ TYSNES 23.APRIL


Å FOR EIN STRÅLANDE FIN PLASS

Laurdag 23.april var me samla nermare 60 flotte Bygdekvinner på Mandelhuset på Tysnes til Streif.

Me vart tatt imot av strålande blide damer frå Tysnes og eit strålande vertskap på Mandelhuset.

Dagen starta med kaffi og påsmurde rundstykker som smakte nydeleg.

Me vart ynskt velkomne av Jorunn Bjordal.

Ordførar Kåre Martin Kleppe ynkste oss velkomne til Tysnes og fortalde om alt dei får til på denne flotte plassen.

Unge folk flyttar tilbake til øya sjølv om dei på skulen var fast bestemt på aldri og kome tilbake til Tysnes.

Dugnadsånda er stor på Tysnes.

Dei får til mykje på Tysnes han nemde Tysnesfest, Håheim gård, Mandelhuset og industri.

Nestleiar Brita D.Bjørke orienterte om komande arrangemang og planlagde aktivitetar i fylket vårt.

Patrick Madsen gav oss ei flott orientering om historien til Mandelhuset .

Per Verner Aase heldt eit flott innleg om Friviligheitsentralen på Tysnes og Friviligheitens År 2022. 

Tydleg ar dei jobbar veldig strukturert  og får til mykje. Nemde at på arrangemang var det stundom fleire frivillige ann deltakara, tyder på stort engasjamang.

Så var det Lunsj, nydeleg fiskesuppe med brød og smør. Kaffi og brownie til dessert. 

Britt K.Rage heldt eit flott innlegg om hennar arbeid med dokker med historiske drakter.

Miniatyr Dokkene er kledde i historiske drakter frå Adolph Tidemand sine draktstudier.

Ho lagar dei heilt frå bunnen av , eit fantastisk imponerande arbeid .

Takk til Vertslaget som laga slik ein flott dag for oss.

Og takk til Mandelhuset for framifrå servering og service.