Bli med Bygdekvinnelaget og Sigrid Henjum til fjells!
Er du medlem av Bygdekvinnelaget og kunne tenkje deg å bruke ei helg i august på fottur i fjellheimen, i lett terreng og i selskap med andre bygdekvinner? Den erfarne turguiden Sigrid Henjum, kjent frå Nrk-serien «Fjellfolk», vert med Bygdekvinnelaget til Jotunheimen 4. - 7. og 11. - 14. august 2016.
Tenk å vakne til vakre fjell på alle kantar, ein beitande hest og nykokt kaffi – midt i Jotunheimen! I fire dagar skal me nyte naturen, godt selskap og god mat laga av Sigrid - ei av landets aller fremste på turmat.
Turen er lagt opp slik at den skal vera lett å delta på fysisk, med etappar der det er rom for å ta bilete, nyte gode matpausar og få nye turvener for livet. På turen ligg du tre netter i solide, vanntette og romslege telt som vert frakta av to hestar som blir med på turen. Alt du treng å ta med er gode fjellsko, ein lett sovepose, eit liggeunderlag og ein god tursekk. Utstyrsliste vert sendt ut til deltakarane i god tid.
Program
4.-7. august: Leirvassbu - Turtagrø
11.-14. august: Leirvassbu - Turtagrø
Kvar tur har maks 14 plassar. Vert det for få påmeldte vert det berre tur ei av helgane. Ruta kan endrast noko om vêret krevjar det.
*Deltakarane kjem seg sjølv til Leirvassbu for oppstart torsdag ettermiddag kl. 15:00.
Pris
4900 kroner per person, inkludert utstyrsleige, alt av mat, tre overnattingar i telt, guiding, to hestar som ber utstyr og telt, avslutting på Turtagrø sundagen og transport attende til Leirvassbu.
Påmelding
Påmeldinga opnar måndag 7. mars kl. 12:00, og skjer på e-post og på telefon til Anna Villa: anna.villa@bygdekvinnelaget.no/ tlf. 950 25 078. Påmelding før 7. mars vert ikkje registrert.
Send namn, adresse, e-post, telefonnummer og kva helg du helst vil vera med på tur. Her blir det første kvinne til mølla!
Sigrid Henjum driv firmaet Sogndal Lodge & Guiding, og guidar turar på bre, i fjellet og i kajakk. For ho er maten ein viktig del av turopplevinga, og i 2016 er Sigrid aktuell med boka «Et ute», ei nyttig bok for deg som vil ha inspirasjon til turmat på kortare og lengre turar. Saman med Bygdekvinnelaget har ho i 2016 også laga matheftet «Turmat gjennom året».
Norges Bygdekvinnelag er i 2016 aktuell med prosjektet «Bygda i bevegelse». Bygdekvinnelaget ønskjer å løfte fram kvardagsaktiviteten og motivere fleire til å verte fysisk aktive gjennom lågterskelaktivitetar i naturen og god utemat. Bygdekvinnelaget sine lokallag inviterer gjennom året til fire opne folketurar gjennom dei fire årstidene - over heile landet. Prosjektet er støtta av Gjensidigestiftelsen.