Hopp til hovedinnhold

Lesja Bygdekvinnelag

Om oss

Lesja bygdekvinnelag ynskjer å vere eit aktivt kvinnefellesskap i Lesja. Laget har omlag 35 medlemmar, mellom 25-85 år. Vi har stort sett eit medlemsmøte i månaden. Vi har ofte ulike temamøter og kurskveldar.

Styret i Lesja bygdekvinnelag frå årsmøtet 2022;

Leiar: Anne Berit Fiskum Skotte

Nestleiar: Rønnaug Arnestad Mosenden

Kasserar: Ingrid Marie Espeseth

Sekretær: Ingunn Margrethe Lønstad

Studieleiar: Åse Haugstad

Varamedlem: Else Gilberg

 

Laget er delt inn i 4 grendagrupper, som kvar er leia av ei grendakjerring. Gruppene har ansvar for å arrangere kvar sine medlemsmøte. Gruppa ordnar mat, kaffe og gevinstar. Det er alltid ei lita utlodding på møta.Vi er eit lag der all aktivitet er frivillig og tufta på dugnad. Det er ikkje møteplikt på medlemsmøtene.

Faste aktivitetar

6. februar: Matpakkedag i samarbeid med Bondelaget

Krafttak mot kreft- innsamlingsaksjon for kreftsaken

Juli: Martnasdag på Markens grøde

Kokebok

I 1995 gav Lesja Bondekvinnelag ut ei praktbok av ei kokebok: "Mat frå gard og grend". Eit stort innsamlingsarbeid vart gjort for å samle oppskrifter, matkunnskap, kulturhistorie, bilete og anna stoff om lokale tradisjonelle matrettar og bakst i Lesja. Boka er til sals i bokhandlar, på nærbutikken og hjå Rigmor Stavheim. Les meir om boka her: http://www.snohetta.no/boker/Matboka.htm