Lesesirkelen får møta Gert Nygårdshaug - digitalt
Sirdal bygdekvinnelag sin lesesirkel har fått innvilga søknaden om å få møta ein forfattar digitalt! Tjue av 27 lesesirklar er blant dei heldige, og me er ein av dei!
Den norske forfatterforening lyste ut tilbodet om å få møta ein forfattar digitalt i juli, og me slo til - med ynskje om ein faglitterær forfattar. Det er skjønnlitterære forfattarar som er organiserte der, så me fekk sjansen til å senda inn ny og meir relevant søknad, sjå faktaboks.
Sekretæren var litt pessimistisk når me ikkje høyrde meir, men 1. oktober kom beskjeden: ''Takk for din søknad til prosjektet om digitale lesesirkler. Deres lesesirkler var blant de heldige som ble trukket ut til et møte med en forfatter.'' Tenk det! Me skal få møta Gert Nygårdshaug.
Boka Zoo Europa las me i februar 2019, og fokuserte på miljøtemaet i framtidsromanen. Eller dystopien?