Hagefest
Måndag 10. september kl. 15.30 var det klart for hagefest ved Valldal sjukeheim.
Då skulle vi også ha høgtideleg opning av Paviljongen vår. Vi hadde invitert bebuarar både på Heimen, Elvetun, Sagatun og Open omsorg, pårørande, dugnadsfolk, tilsette og ordføraren.
Vi var veldig glade for at så mange møtte opp, veret viste seg også frå si beste side, så det vart ei triveleg stund.
Arbeidsgruppa for Sansehagen hadde dekka borda, pynta og baka kaker. Kjøkkenet stilte med flott, stor bløtkake, kaffi og saft. Judith var programleiar og fortalde om arbeidet gruppa hadde gjort i hagen. Det har blitt mange arbeidstimar av frivillige både på dugnader vår og haust, men også med å vatne og stelle litt året rundt. - Frivilligsentralen har her vore til stor hjelp med å lage lister, innkallingar og passe på at ikkje arbeidet stoppa opp!
Målet var å lage ein hage som var fin å sjå på, der du kunne lukte og smake på bær og urter, og som også skulle gi lyst til å kome seg ut og i aktivitet. Vi hadde veldig lyst på ein paviljong, og helselaga i Valldal og Fjørå gjekk saman om å søkje Nasjonalforeningen for folkehelsa. Dei hadde nemleg TV-aksjonen 2013 som skulle gå til arbeid med demens. Bodil orienterte om dette, og at vi fekk 30000kr til paviljongen. Men Helselaga søkte også Sparebanken Møre, og vi fekk 25000 kr . Tusen takk til begge!
Paviljongen vart reist på dugnad. Oddbjørn Kleppe sa seg villig til å leie arbeidet og få med seg gode hjelparar. Dei gjorde ein flott jobb, og Oddbjørn fekk blomehelsing og takk for innsatsen. Målararbeidet tok også to dagar, flott innsats der også.- Stor takk også til Valldal Høvleri som tok imot den store pakken, lagra den i vinter og køyrde den på plass i sommar !
Vi prøvde oss på ein song: Bind deg ein blomekrans - og eg såg at den var kjend også for bebuarane. Så var det ordførar Arne Sandnes sin tur, - han var glad for paviljongen og alt arbeidet som var gjort. Han sette pris på alt frivillig arbeid og overrekte blomar på vegne av kommunen.
Einingsleiar Marit Øvrevoll takka også for det frivillige arbeidet som var gjort dei siste 3 åra, og hadde sett at både bebuarar og pårørande hadde brukt paviljongen i sommar.
Så var det tid for snorklipping i paviljongen. Ordføraren fekk god hjelp av bebuar Olave og pleiaren Kjetil, og dermed kunne paviljongen takast i bruk under kaffistunda! Det må også nemnast at Olave hadde bursdag same dag, så ho fekk flott bursdagssong! -
Vi håper at paviljongen og hagen blir til glede og nytte for dei som bur og arbeider der, eller dei som er på besøk.- Det såg ut til at folk kosa seg med prat og mat, så vi i arbeidsgruppa snakka om at kanskje vi må få i stand hagefest neste år også ???