Aksjonerar for norske grønsaker
Meir enn 130 Bygdekvinnelag vil måndag 16. oktober, på FN sin matvaredag, stå utanfor sin lokale nærbutikk for å fremje norske grønsaker.
- Over heile landet vil Bygdekvinner dele ut over 8 000 posar med råvarene til ei grønsakssuppe, seier leiar i Norges Bygdekvinnelag Ellen Krageberg.
Sunt og kortreist
Nordmenn vil ete sunnare og er i aukande grad opptekne av å ete norsk og kortreist mat. Eit auka inntak av grønsaker vil ikkje berre vere avgjerande for helsa, men er òg bra for klima og matsikkerhet.
Norske rotgrønsaker og betar er fulle av vitaminar og mettande fiber. Helsegevinsten med å auke inntaket av grønsaker er enorm og helsemyndigheitene fastslår at 5 om dagen kan førebygge livsstilssjukdommar som overvekt, diabetes type 2, hjartesjukdom og visse former for kreft.
- Eg brukar mest løk, gulrot og poteter i det daglige, og gløymer fort alle dei andre gode rotgrønsakene og betene vi har i Noreg, seier Krageberg.
Måndag 16.oktober møtte Ellen Krageberg Helsedirektør Bjørn Guldvog. Les mer her.
Olaug Bollestad (KrF) sier JA til norske grønnsaker. Les mer her.
Samarbeid med Gartnerhallen
Med Gartnerhallen som samarbeidspartnar set Bygdekvinnelaget søkjelyset på norske grønsaker som ei sunn og god råvare.
Organisasjonssjef i Gartnerhallen Arve Gladheim og
generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag Cesilie Aurbakken.
Grønsaksuppe med raudbetar à la Harald Osa
Norges Bygdekvinnelag vil auke kunnskapen om og bruken av norske grønsaker, og kjendiskokk Harald Osa har laga ei eiga oppskrift på grønsakssuppe til matvaredagen.
Harald Osa har laga forslag til suppe
som kan varierast i det uendelege. Foto: Geir Hasle
Grønsakssuppe med raudbetar. Foto: Jens Fremming Anderssen
Oppskrift på grønsaksuppe med raudbetar à la Harald Osa
Ingrediensar til fire porsjonar:
2 raudbetar
2 mellomstore lauk
2 gulrøter
2 mellomstore poteter
1 persillerot
2 blader grønkål
Ei klype tørka timian
1 laurbærblad
Salt
Slik gjer du:
1. Vask og skrell alle grønsakene. Skjær raudbetar, lauk, gulrøter, poteter og persillerot i terningar. Fjern den grove stilken på grønkålen og skjær blada i tynne strimler.
2. Ha alle grønsakene, unntatt grønkål, over i kjele og tilset vatn så det dekkjer grønsakene godt. Ha i timian, laurbærblad og smak til med salt når det kokar. La suppa småkoke i 15-20 minutter til alle grønsakene er møre. Tilsett grønkål rett før servering.
Tips!
Server gjerne med godt flatbrød og ei skei rømme i tallerken. Ønskjer du litt meir fylde og kjøtsmak kan du gjerne koke med 4-6 skiver bacon skore i terningar eller ha i eit par røykte pølser i bitar rett før servering. Ei grønsaksuppe kan varierast i det uendelege. Raudbetane i denne oppskriften gjev suppa smak og ikkje minst farge, men det kan også utelatast til fordel for ei ¼ lita kål eller ein god bit med rotselleri i terningar. Prøv deg fram til nettopp di favorittsuppe, og husk at ei spiseskei eddik i suppa til slutt løftar smaksopplevinga.
16. oktober er verdas matvaredag, og mål 2 i FN sine bærekraftmål sier at vi skal utrydde oppnå betre ernæring, og fremme bærekraftig landbruk innan 2030. På verdas matvaredag vil over 130 lokale Bygdekvinnelag over heile landet markere dagen utan for sine nærbutikkar. ”JA til norske grønsaker” er ein positiv aksjon for å fremme norske grønsaker.
Gartnerhallen og Bygdekvinnelaget vil fremje norske grønsaker som ei sunn og god råvare fordi:
• Grønsaker er bra for helsa, og noko av det beste ein kan gjere for å få eit sunnare liv, er å auke inntaket av grønsaker.
• Grønsaker passar til det meste, og med auka kunnskap om bruk, vert det enno lettare å ha det som ein del av sitt daglege kosthald.
• Grønsaksproduksjon har eit lågt klimaavtrykk. Det vil seie at produksjonen av norske grønsaker er positivt for miljøet.
• Mattryggleik. Noreg produserar grønsaker med så lite bruk av sprøytemiddel som mogeleg.
• Sjølvforsyning. Noreg må både i solidaritet med andre land - og for å trygge eiga befolkning, ha ein eigen matproduksjon.