Bjørgum og Ulvik fletta i lag
Fine korger vart "trylla fram" på felles kurs for bygdekvinnelaga Ulvik og Bjørgum, med kyndig rettleiing av Lise Dyrhovden.
På eit 12-timar langt kurs i Solheim Ungdomslag 21.-22.oktober 2022 fekk deltakarane grunnleggjande kunnskap om pilfletting.
Kurshaldar Lise hadde med seg rikeleg ferdig bløytt pil klar til fletting og diverse utstyr til utlån.
Å flette seg ei korg, med bruk av fleire tekningar var målet for helga. Ein starta med fletting av stjernebotn. Deretter innsetting av sidesstag som ein fletta fleire teknikkar oppetter. Sjølv om utgangspunktet var likt, vart det seks unike korger. Alle fine på sitt vis.
Takk til Bjørgum Bygdekvinnelag for godt samarbeid!