Bli med på webinar om grøn glede og fellesskap
Bli med på webinar tysdag 25. november kl. 18.00 til 19.00om grøn glede og fellesskap, og la deg inspirere av våre to prosjekt, «Nøysom» og «Friluftsglede og inkludering», som begge handlar om berekraft, kvardagsglede og sosialt fellesskap. Ope for alle!
Webinaret er ope for alle, så sett deg i godstolen, og bli med oss!
Tid og dato: tysdag 25. november kl. 18.00 til 19.00
Trykk her for å bli med: Bli med i møtet nå
På webinaret møter du:
• Gossen Bygdekvinnelag som fortel om sitt arbeid i Nøysom-prosjektet – med praktiske tips til aktivitetar og korleis nå ut til målgruppa
• Sand Bygdekvinnelag som delar erfaringar frå aktivitetar knytt til både Friluftsglede og inkludering og Nøysom
• Sosan Asgari Mollestad som er prosjektleiar for Friluftsglede og inkludering og Astrid Seime som er prosjektleiar for Nøysom.
Dette er ei gyllen moglegheit til å lære av to engasjerte bygdekvinnelag – og få idear til korleis du kan skape grøne, inkluderande aktivitetar der du bur!
Webinaret er ein del av Grøn veke, som er siste veka i november. I Grøn veke vil vi bremse overforbruket, og løfte fram nøysemd, naturglede og fellesskap som viktige delar av eit berekraftig liv.
Samle gjerne laget til ei hyggeleg stund. Alle er hjarteleg velkomne 💚