Bygdekvinnelagets inspirasjonsseminar 2025
Vi inviterer alle medlemmer til årets finaste bygdekvinnehelg på Lillehammer 7.- 9. november 2025. Bli med på ei helg fylt med inspirerande innlegg, gode opplevingar og hyggelege møter.
Bygdekvinnelaget sitt inspirasjonsseminar er ein møteplass for bygdekvinner frå heile landet. Her skal du kunne lene deg tilbake og nyte ei helg med fagleg påfyll, god mat, musikk og sosialt samvær.
Inspirasjonsseminaret er eit unikt tilbod til alle våre medlemmer. Du treng ikkje å sitje i eit lokallagsstyre eller ha verv for å delta. Her får alle medlemmer sjansen til å vere med, og du kan kome åleine eller saman med andre medlemmer.
Velkommen til Bygdekvinnelagets inspirasjonsseminar på Lillehammer
Norges Bygdekvinnelag sitt inspirasjonsseminar vert arrangert på Lillehammer 7.-9. november 2025. Vi skal bu på Scandic Lillehammer Hotel, som ligg sentralt til med gangavstand til Lillehammer sentrum og Maihaugen. Adressa til hotellet er Turisthotellvegen 6, Lillehammer.
Hotellet har store gode møtelokaler og store gode pauseområde. Hotellet har treningsrommet og ein eigen stor park. Frå hotellet kan du gå tur til Maihaugen, langs Mesnaelva eller til sentrum med ei av Norges mest sjarmerande handlegater og Lillehammer museum.
Utanfor salen vert det eit mingleområde der ein kan fylle kaffikoppen og prate med andre. Her vert det også moglegheit for å besøke klesbyttemarknaden og handle frå nokre av dei som besøker oss. Bak i salen vert det lagt til rette for at lokal- og distriktslag kan ta med varer dei vil selje.
Program for inspirasjonsseminaret 2025
*Merk deg at det heilt sikkert vert nokre endringar i programmet.
Fredag 7. november
15.00 Registrering og velkommen til hotellet
17.00 Velkommen til Bygdekvinnelagets inspirasjonsseminar på Lillehammer, Anne Irene Myhr, leiar i Norges Bygdekvinnelag
17.15. Mitt friluftsliv, Safari Shabani, ambassadør for Friluftslivets år
18.00 Utdeling av Bygdekvinneprisen
18.15 Pause
18.30 Musikkforedrag med Karoline Amb
19.30 Middag
Laurdag 8. november
09.00 Velkommen til ein ny dag
09.10 Hun valgte Amerika, Linda Stewart
09. 40 Pause
09. 55 Ingen grunn til panikk… enda! Lars Os, Tidl. NRK-korrespondent i USA, journalist og bonde
10.50 – 11.15 Pause
11.15 To ungdomar, ei mor og tusen blomar – historia om Vossabia, Emil og Ylva, Renate Lunde sine born som har vokse opp med Vossabia
12.00 -13.00 Lunsj
13.00 Rent bord – en kamp for et tryggere hjem og en renere hverdag, uten unødvendige kjemikalier, Caroline Heyerdahl gründer og dagleg leiar i Csoaps
13.40 Pause
14.00 Hvordan får du mer kontroll, trygghet og selvtillit i egen økonomi? Lise Vermelid, kjent fra podcasten Pengesnakk
15.00 Matbit i pauseområdet
15. 15 - 17.45 Takkebakst - Porselensfabrikken MENT - Bjerkebæk - Tur - Hygge på hotellet
18.30 Bar utanfor salen
19.00 Ine & Edvard Hoem
20.00 Festmiddag
Søndag 9. november
09.00 Velkommen til ein ny dag
09.05
Ragnhild Male Hartvigsen
Annechen Bahr Bugge
12.30- 13.30 Lunsj og vel heim
Desse møter vi på seminaret
Safari Shabani
Safari Shabani er et multitalent som vokste opp i Zambia og kom til Norge som papirløs flyktning for ti år siden. Han er komiker, danser (NM-gull i hiphop), DJ, podkaster og friluftsprofil, kjent fra serien «Safari på safari» (2020-2022) og som deltaker i «71° nord» (2022). I år er han aktuell som ambassadør for friluftslivets år, og kommer til oss for å fortelle om sitt forhold til norsk natur.
Ine & Edvard Hoem – ord og tonar som rører
Han er ein av våre mest folkekjære forfattarar, ho er ein kritikarrost artist. Saman har far og dotter skapt konsertane Alt vi har kjært og Å, signa natt, der lyrikk, visepop, salmar og livsvisdom smeltar saman til ein unik oppleving. Laurdag kveld er det oss dei besøker, og vi gledar oss stort!
Renate Lunde – natur og velvære frå Vossabia
Renate har drive Vossabia sidan 2004 med eit sterkt fokus på heilskapleg helse og naturbasert velvære. Dei plukkar viltveksande plantar, brukar biene våre sine råstoff, og produserer økologiske hud- og hårpleieprodukt for hand. I 2024 vann Vossabia den nasjonale BU-prisen. Vi ser fram til å oppleve denne dama!
Musikkforestilling med Karoline Amb
Karoline Amb vokste opp gård i Ringsaker kommune, og har gjort seg ein del tankar om verdier ho fikk gjennom oppveksten, der far var fulltidsbonde og mor hadde ansvar for hus, heim og 4 unger. Og, så jobb ved siden. På inspirasjonsseminaret vil Karoline sine personlige erfaringer og refleksjoner løftast fram med både verbal og musikalsk formidling. Og, med humoristisk skråblikk set ho søkelys på paradoks og strukturar som pregar kvinners liv i dagens Norge. Karoline berører og engasjerer – og du kommer garantert til å møte deg sjølv i døra.
Lars Os
Lars Os er ein tilbakevendt journalist fra USA som i 2023 tok over familiegården i Nord-Østerdalen, og som nå kaller seg ein stolt bonde. Gjennom over ti års arbeid med TV-nyheter har Lars dekket store og historiske hendelser, sist over seks år i USA under både Donald Trump og Joe Biden som presidenter. I dag er fokuset retta mot lokal matproduksjon og journalistikk på Røros, men Lars prøver fortsatt å holde seg oppdatert med det som skjer over dammen, og i verda. På inspirasjonsseminaret vil Os dele sine tankar kring utviklinga i USA, og korleis det påverkar oss her i Noreg.
Lise fra pengesnakk
Lise Vermelid Kristoffersen, kjend frå bloggen og podcasten «Pengesnakk», deler sine råd og tips til korleis lukkast med privatøkonomien? Ta med notatblokka – for her får du garantert verdifulle tips som kan gje deg betre kontroll over økonomien og ny giv til sparing.
Caroline Heyerdahl fra Csoaps
Med sin entusiasme for smarte og grøne vasketips og sin egen såpeserie utan unødvendige kjemikaliar, Csoaps, har Caroline Heyerdahl (55) sett sitt avtrykk i norske heimar som ikkje kan vaskast vekk. Med kontoen @csoaps_com på Instagram sprer hun daglig smarte vasketips som engasjerer og motiverer.
På seminaret kjem ho til å halde eit innlegg med tittelen: «Ekte grønn vask, hvorfor og hvordan? En vaskekjerring mot strømmens eget eventyr» vil denne kule dama entre scena på Lillehammer.
Annechen Bahr Bugge
Annechen er sosiolog, forskar med forbrukaratferd og norske matvanar som sitt spesialområde. Ho er også forfattar av boka "Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere" som handlar om mat og spisevanar i Norges frå 1500 - talet og fram til vår tid. Vi er så glade for å ha med oss denne engasjert og kunnskapsrike dama med oss på inspirasjonsseminaret.
Turar, opplevingar og menneskemøte
Laurdag ettermiddag kan du bli med på ulike aktivitetar. Her kan du velje mellom
1) Besøk om omsyning på porselensfabrikken Ment på Fåberg
2) Kurs i takkebakst med Lågen Bygdekvinnelag
3) Gåtur og kos i lavvo med Sosan. Dette er ein del av prosjektet friluftsglede og inkludering.
4) Omsyning i Sigrid Undset sin heim Bjerkebæk. Her får du også eit kort foredrag om Sigrid Undset og hennar liv.
5) Hygge på hotellet der du kan kikke på klesbyttemarknaden, bli med på ein strikkekafe og kikke på varene frå Vossabia og andre.
I pausane vert det tid til å prate med andre bygdekvinner, dele erfaringar og knyte band.
Bli med på ei helg full av inspirasjon, læring og hyggelege møter. Vi gler oss til å sjå deg på Lillehammer i november!
Kor tid: Fredag 7. november kl. 17.00 til søndag 9. november kl.13.30
Kvar: Lillehammer. Vi skal bu på Scandic Lillehammer Hotel, som ligg sentralt til med gangavstand til Lillehammer sentrum.
Seminaravgift 600,-
Enkeltrom fredag til søndag
Kroner 5072,-. Prisen inkluderar middag fredag kveld, alle måltid laurdag og frukost og lunsj søndag.
Dobbeltrom fredag til søndag
Kroner 3832,- i dobbeltrom per person i to netter. Prisen inkluderar middag fredag kveld, alle måltid laurdag og frukost og lunsj søndag.
*Når du går inn på påmeldingskjemaet får du opp alternativ som deltaking utan overnatting og ekstra netter.
Har du spørsmål ta kontakt: astrid.seime@bygdekvinnelaget.no