Hopp til hovedinnhold

Nord-Trøndelag Bygdekvinnelag

Frol bygdekvinnelag 90 år


Solveig Otlo sin prolog til Frol bygdekvinnelag sin 90 årsdag. 

Korleis såg verda ut for kvinnene som var

på Munk`røstad i tjueni -  den fjerde februar

og stifta laget som vi feirar her i dag

på herberget i Munkeby med fest og trivselslag?

Då dei er borte alle no, kan ingen sei oss koss det var

Så vi lyt ty til Krøniken, om vi vil ha eit svar.

 

Og der står det å lesa at nett fjerde februar

innover Europa ei kuldebølgje bar

og Tyskland med minusgrader ned på trettitalle`

ho ramma hardt og skånselslaust og sjølsagt mest dei alle

som frå før var i utsette situasjonar

og arbeidslause steig til over tre millionar.

 

Mellom Norge og Danmark fraus havet til is,

og storm og uver skapte stadig forlis.

Vi sto ved inngangen til det som alle minnes

som «dei harde trettiåra», og vi veit at der finnes

mange nok som strei seg gjennom i fattigdom for så

ansikt til ansikt med «krigen» å stå.

«Det var den gongen, det, og itte nå»

seier Prøysen, og minner oss på

å hedre dei som starta, under heilt andre kår

enn det som er virk`legheita vår.

 

Av nitti år kan ein ikkje ta med alt -

det ville i så fall enda så galt

at det meste av kvelden og natta gjekk me`

og ingen er vel huga på de`.

 

I møteboka der er det limt inn

små annonser der du kan finn`

kor møtet skal vera og temaet der,

og dei er det eg har lagt vekt på her.

Dei er ikkje prangande, langt derifrå,

einspalters er dei og linene få,

men dei kan fortelja oss, ikkje så lite

av det som de no her i kveld skal få vite

om livet i laget, som det har gått

dei siste tre tiåra - stort og smått.

Å avertera var dyrt då som no

og Rindsem og Felleskjøpet var to

som no og då sponsa den vetle annonsa med konnbandet på

og det skal dei jamen ha takk for nå.

I dag går det meste på SMS,

Det funkar det og, vi får sei oss te`fre(d)s.

 

Av gammal sætring var ingen ting att

i nittitre då Skuggsjå tok fatt

på å samla og dokumentera det siste

og leggja fram ei fullstendig liste

over dei med førstehands kunnskap inne

og dei visste vi i laget å finne.

Vi hadde tausene, Skuggsjå teknikken,

eit fellesarbeid om sæterskikken

vart lagt fram i ord og i bilder så

at nye slekter kan læra og sjå.

 

Vi trivdes i fjellet og kvar august

på `Munk`byvollen der var det flust

med folk over alt, på haugar og stubbar

frå barnevogner til gamle gubbar,

og rømmegrauten, ja, han gjekk me`

mange er dei som saknar de`.

Men fjellet og sætran det ligg oss nær

og Roknesvollen og 4H er

av det vi gjerne ser varer ved

og Buferdsdagen då er vi med.

 

I nittifire der kan vi finna

i møte på Brusve at vi vart minna

å melda oss på Grethe Waitz innan fristen

hos nokre av oss tente det gnisten

til å komma i form til den store dag.

Vi jogga åleine  eller fleire i lag,

ja, over heile landet du såg

kvinnfolk som pesande, pustande låg

med dissande endar og ditto magar

i hardtrening fram imot Oslo – dagar.

Det var denne eine dagen i året

dei rotta seg saman og slo ut håret.

Det var då Are Kalvø på TV fortalde

at frivillig «husarrest» han valde

framfor å risikera det syn

å møta mora og tantene på by`n.

På møte i Okkenhaug barnehage

fekk vi referat ifrå Oslo-laget.

Om heile sanninga dei sa

veit ikkje vi – kanskje like bra.

Kunnskap er viktig, og laget har gjort

mykje for kursing om smått og stort,

baking av lefser og flatbrød er pop,

spørsmål om det kjem stadig opp

og her har studienemnda stått på

slik at dei dreisen på kjevlet sku` få.

 

Også på lagsmøter har vi hatt me`

kursing av mykje forskjellig som de`

å planta rett og dei riktige slag

som kan veksa og trivast i Trøndelag.

Korleis beskjæra busker og tre

og laga dekorasjonar med de`

som vi kan finna fritt i naturen

og plukka med oss på søndagsturen,

triv`lege kveldar  med plantesalg

møte med lærdom om fargevalg

slik at vi framstår som aller best

og det til kvardags så vel som til fest.

På Øver-Tynes ein munter kveld

vi lærte det meste om fotastell.

Med beina i balje og handduk på kne

latter`n sat laust, kommentarane me`.

 

Og oppdatering på bøker kvart år

har Birgitt sørga for at vi får.

Vi har fått læra om skatt og pensjon,

og soroptimisme på Rinnan stasjon,

om helsa vår både på kropp og sinn

korleis å takla at sjukdom slår inn,

at nokre av våre inderleg kjære

blir borte sjøl om dei er oss nære.

Kunnskap og åpenheit er for dei fleste

om det som er vondt bestandig det beste.

 

Rundt totusentalet kom spørsmålet fram

om navneskifte, og maska vart stram

hos dei som meinte at navnet var bra

og navnet vi hadde det skulle vi ha.

Det viste seg snart å vera ein ting

som sette følelsane i sving.

Utfallet veit vi, frå totusen-to

vart logoen endra til det han er no.

 

I møteboka er der sett inn

eit takkeskriv der at vi finn

kultursjef og ordførar gjev oss honnør

for innsatsen, ja, som seg hør og bør

i Grønn-Gate arrangementet som går

for seg ein junilaurdag kvart år.

Og vi har «tatt sjansen» og stilt opp på de`

og i Cafe`Verden der er vi òg me`.

 

Eg lyt nevna turane vi har hatt,

nokre var dagsturar, andre med natt

der vi til kveldsmat var samla rundt bordet

og praten gjekk lystig og folk tok ordet.

Vel, meir og mindre vetigt vart sagt

før lyset var sløkt og vi alle var lagt.

Eg trekkjer fram ein, der vi vandra ilag

i Olav Duuns rike ein solskinsdag.

Der Odin og Bendik og Gurianna

sto levande for oss og vi laut sanna

at makan til guide er umuleg å få.

 Den turen levde vi lenge på.

 

Vi har hatt møter med laga som er

frå bygdene rundt oss, og nokre er her,

og saman vi arven vidare ber.

Å stoppa på nitti, nei langt derifrå,

vi skal gå vidare vi skal stå på,

ivareta arven frå gammal ti`

og opna for nytenking slik at vi

kan vera eit pluss for bygda vår

også i dei komande år.