Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Beredskap

Beredskap og matkultur hand i hand

I april sendte Borgny inn til avisane eit leserbrev der ho peika på kor viktige vi i Bygdekvinnelaga er med vår handboren kunnskap i Beredskapsøyemed

I ei tid der beredskap blir stadig viktigare, ønskjer me i Bygdekvinnelaget å framheva ein ofte undervurdert, men essensiell del av kriseberedskap: matkunnskap og tradisjonar.  

Som kulturberarar har me i generasjonar ført vidare kunnskapen om matlaging frå botnen av, konservering av mat og berekraftige matvanar – ferdigheiter som er uvurderlege når ressursane blir avgrensa. Å kunna laga næringsrike måltid med enkle ingrediensar, oppbevara mat trygt og utnytta lokale råvarer er ein del av beredskapstenkinga vår.  

 

Gjennom kurs og samlingar deler me denne kunnskapen med nye generasjonar, og me ser korleis desse tradisjonane styrkjer motstandskrafta til lokalsamfunnet. Når kriser hender, er det ikkje berre lagar av mat som betyr noko, men også evna til å bruka den effektivt.  

 

Me oppmodar styresmaktene til å anerkjenna verdien av lokal matkultur i beredskapsarbeidet og til å støtta frivillige organisasjonar som oss. La oss saman ta vare på kunnskapen som ikkje berre styrkar kulturen vår, men og vår evne til å stå sterkt i møte med utfordringar!